Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Digital kompetanse i læring

Engelsk studieprogramnamn

Digital competences for teaching

Studietype

Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)

60

Studielengd

Studiet går over 2 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Målgruppa for årsstudiet i Digital kompetanse i læring er lærarar i grunnskule og vidaregående skule, og studentar som er under lærarutdanning. Det primære formålet med studiet er å sette lærarane og skulen i stand til å nå kompetansemåla i planverket med støtte i kreativ og målretta bruk av digitale verktøy og arbeidsmåtar. Ein legg stor vekt på at arbeidet du gjer som student skal vere konkret og direkte relevant i eigen praksis.
Du skal etter fullført studium kunne identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy kan gje meirverdi i læringsarbeid, og kunne ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar. Gjennom bruk av skulerelevante verktøy for handsaming av tekst, tal, lyd og bilde skal du kunne arbeide med, og tilverke, digitalt materiale for bruk i læringsarbeid, samt kunne rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk. Du skal kunne gjere relevant bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring. Studiet set bruk av digitale verktøy- og arbeidsmåtar inn i eit sammfunns- og skuleutviklingsperspektiv. Du vil gjennom aktive og utforskande arbeidsmåtar bli utfordra til å sette ord på korleis og i kva grad teknologi kan gi nye rammevilkår for læring. Du skal etter fullført studium kunne rettleie andre i arbeid med integrering av digitale verkty og arbeidsmåtar. Gjennom sjølv å ta del i slike produksjonar skal du kunne rettleie i arbeid med skulerelevante verktøy og metodar for produksjon og vurdering av medieinnhald som nettavis, nettradio og video.
Studiet kan inngå som del av ein fri bachelorgrad, eller som vidareutdanning. Studiet kan gi ei godkjent årseining i lærarutdanning påbegynt før reformen i grunnskulelærarutdanninga (allmennlærarutdanning).

Læringsutbytte

Kunnskapar
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • har kunnskap om skulerelevante verktøy for arbeid med tekst, tal, lyd og bilde
  • har kunnskap om korleis digitale media kan verke inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • har kunnskap om barn og unge sin digitale kvardag og didaktiske mogligheiter og utfordringar i grenselandet mellom skulekultur og fritidskultur
  • har kunnskap om vurdering av digitale media og medieuttrykk
  • har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i vurderingsarbeid, internasjonalisering og tilpassa opplæring
  • har kunnskap om styringsdokument og relevant metodikk i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • har kunnskap om skulerelevante verktøy og metodar for produksjon av medieinnhald som nettavis, nettradio og video

Ferdigheiter
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • kan arbeide med og tilverke digitalt materiale for bruk i læringsarbeid
  • rettleie og vurdere elevar i arbeid med digitale media og medieuttrykk
  • kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi og barn og unge sin digitale kvardag til å identifisere situasjonar der integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar kan gje meirverdi i læringsarbeid
  • kan ta avgjerder i samsvar med god didaktikk, metodikk og etikk i digitale arbeidsmåtar i skulen
  • kan identifisere vilkår for føremålstenleg integrering av digitale verktøy i læringsarbeid
  • kan rettleie andre i prosessar med integrering av digitale verktøy og arbeidsmåtar
  • kan rettleie andre i arbeid med skulerelevante verktøy for produksjon av medieinnhald som nettavis, nettradio og video
  • kan reflektere over eiga fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver

Generell kompetanse
Kandidaten i årsstudiet i Digital kompetanse i læring:

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

Studiet er samansett av 4 obligatoriske emne på 15 studiepoeng kvar.
- Digital kompetanseplattform - DKL101
- Didaktisk bruk av IKT - DKL102
- Strategi for digital kompetanse - DKL103
- Medieproduksjon i skulen - DKL104

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
DKL101 Digital kompetanseplattform 15,00 O 15          
DKL103 Strategi for digital kompetanse 15,00 O 15          
DKL102 Didaktisk bruk av IKT 15,00 O   15        
DKL104 Medieproduksjon i skulen 15,00 O   15        
Sum: 30 30 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

-

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet er organisert samlingsbasert (Volda) med nettstøtte. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil bli relatert til læring og formidling. Gjennomføring av studiet krev at studenten på førehand har grunnleggjande kjennskap til internett og vanlege IKT-verktøy. Du må disponere ei bærbar datamaskin, eit webkamera, eit enklare digitalt fotografiapparat, og du må i perioder ha tilgang til eit digitalt videokamera. Utstyrskravet skal vere lågt/skulerelevant (ta kontakt med studieansvarleg for meir informasjon). Det er obligatorisk frammøte ved samlingane i studiet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Studieprogramansvarleg

Kjell Antvort, 70075392, kjell.antvort@hivolda.no

Studieprogramkode

DKL60

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon