Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Media, IKT og design

Engelsk studieprogramnamn

Bachelor in Media, ICT and Design

Studietype

Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

180

Studielengd

6 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Målgruppa for bachelorprogrammet i Media IKT og design er studentar med interesse for både formidlingsmessige, tekniske og estetiske sider ved bruk av ulike medium. Det primære formålet med studiet er å utdanne kompetansemeklarar mellom teknikk og innhaldsproduksjon gjennom å gi kandidatar ei brei yrkesretta utdanning der ein kombinerer teoretiske, analytiske, tekniske og praktiske tilnærmingsmåtar knytt til medie- og formidlingsarbeid i offentleg sektor og i næringslivet. Studiet er særleg retta mot studentar som anten vil arbeide med medierelaterte oppgåver i vidaregåande skule, eller som ønskjer å kvalifisere seg til ulike oppgåver innan medieproduksjon, mediedesign eller mediekommunikasjon i andre sektorar.

Studiet har ei unik fagleg samansetjing der du arbeider både med korleis media fungerer som samfunnsaktør og formidlar, og korleis du kan kommunisere med ulike målgrupper. Gjennom teori om og produksjonar av ulike medieuttrykk som foto, film, fleirkameraproduksjon, reklame, illustrasjon, lyd, web og multimedia gir studiet deg pedagogisk, estetisk og teknisk kompetanse innanfor digital produksjon i ein sosial og konvergerande mediekvardag. Studentane vel i andre året retning på studiet, og kan velje mellom mediekommunikasjon, medieproduksjon eller mediedesign. Studentar som vil kvalifisere seg for arbeid i vidaregåande skule kan byggje på studiet med eitt år mediefagleg praktisk-pedagogisk utdanning.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Kandidaten i media, IKT og design:

  • har kunnskap om innhald i media og dei sentrale reiskapane medievitskapen har utvikla for å studere innhald
  • har kunnskap om korleis mediesamfunnet verkar inn på sosialisering, identitetsdanning og samfunns- og skuleutvikling
  • har kunnskap om sentrale medie- og kommunikasjonsteknologiske tema, teoriar og problemstillingar
  • har kunnskap om tradisjonelle og nyare digitale formidlings- og kommunikasjonsformer, produksjonsmåtar og utviklingsmetodar knytt til enkeltmedium og på tvers av medieelementa tekst, lyd og bilde
  • har kunnskap om bruk av medie- og kommunikasjonsteknologi i læring og formidling
  • har kunnskap om utvalde retningar innan vitskapsteori og metode

Ferdigheiter
Kandidaten i media, IKT og design:

  • kan nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante uttrykk
  • kan bruke relevante produksjonsmetodar, arbeids- og uttrykksformer både knytt til tradisjonelle medium, nyare medium og medieuttrykk som inneheld element frå fleire fagområde og medium
  • kan fungere som kompetansemeklar i tverr- og fleirfaglege prosjekt- og produksjonsarbeid
  • kan planlegge og leie læringsarbeid med, om og igjennom medie- og kommunikasjonsteknologi
  • kan reflektere over eigen fagleg utvikling og gjere seg nytte av rettleiing i arbeid med teoretiske og praktiske oppgåver

Generell kompetanse
Kandidaten i media, IKT og design:

  • Har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • Kan planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt åleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
  • Kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
  • Kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

Studiet har tre ulike studieretningar. Det særmerkte for desse er i tillegg til generelle og tverrfaglege kunnskapar, ferdigheiter og kompetanse:

Medieproduksjonsretninga gir fordjuping i praktisk medieproduksjon med teoretisk forankring innan medieteori og –analyse knytt til ulike medium som: foto, multimedia- og fleirkameraproduksjon og web.

Mediedesignretninga gir fordjuping i formgiving innan ulike medium og omfattar både teknisk formgiving: programmering/komposisjon og informasjonsdesign, visuell formgiving: estetikk og uttrykksdesign og interaksjonsformgiving: formidling og funksjonelt design, men også formgiving av innhald kopla til informasjonsmål, målgruppe og medium.

Mediekommunikasjonsretninga gir fordjuping innan medievitskaplege felt knytt til både sendar-, bodskap- og mottakarperspektiv som media og makt, medieøkonomi, mediehistorie, tekstteori og -analyse, mediebruk og mediepåverknad, med støtte i informasjonsfag og produksjonsfag.

Studiet skal i utgangspunktet femne om alle typar medium, men både i dei teoretiske og praktiske delane av studiet vil det bli lagt særleg vekt på nye elektroniske og nettbaserte medium. Fagfeltet er inne i ei rask utvikling og krev stadige oppdateringar av innhald i studiet. I tillegg til det som går fram av tabellen kjem valemne der studenten i samråd med bachelorkoordinator kan velje mellom ulike emne ved HVO eller andre institusjonar som passar studieretninga studenten har valt.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
MEV111 Medievitskap 1 15,00 O 15          
MID121 Innføring i medieproduksjon 15,00 O 15          
MID115 Praktisk medieproduksjon 15,00 O   15        
MEK111MID Mediekompetanse og didaktikk 15,00 O   15        
MID117 Fleirkamera og eventproduksjon 15,00 O     15      
MID211 Nye medium 15,00 O         15  
MID203 Bacheloroppgåve: Media, IKT og design 15,00 O           15
MID126 Webdesign 15,00 O     15      
MKP101 Produksjon og praksis i medie- og
kulturformidling
15,00 O           15
PAI101 Photo – Art and Illustration 15,00 V       15    
DR115 From Script to Screen: An introduction
to the fictional short
15,00 V       15    
MD105 Editorial design 15,00 V       15    
KOH111 Visuell kommunikasjon 15,00 O     15      
MD105 Editorial design 15,00 O       15    
MD201 Strategic design 15,00 O         15  
MEV221 Medievitenskap 3 – Fra fag til
forskning: Hvordan analysere medier
15,00 O         15  
MEV121 Medievitenskap 1 – Medienes framvekst
og utvikling
15,00 O       15    
PAI101 Photo – Art and Illustration 15,00 V       15   15
DR117 Forteljing og retorikk 15,00 V       15   15
FME103 Photo for Media 15,00 V       15   15
HI206 Mediehistorie 15,00 V       15   15
DR115 From Script to Screen: An introduction
to the fictional short
15,00 V       15   15
KOH111 Visuell kommunikasjon 15,00 V         15  
KOH112 Arkitektur 15,00 V         15  
MEV221 Medievitenskap 3 – Fra fag til
forskning: Hvordan analysere medier
15,00 V         15  
MD201 Strategic design 15,00 V         15  
MKP101 Produksjon og praksis i medie- og
kulturformidling
15,00 V           15
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

I studiet inngår både observasjonspraksis, undervisningspraksis og intern og ekstern prosjekt- og produksjonspraksis avhengig av studieretning. Nærare retningsliner for praksis kvart studieår blir gitt ved semesterstart.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet er organisert med lokal undervisning i form av forelesingar, workshops og praktisk arbeid individuelt og i gruppe. Studentane må ha eiget headset med mikrofon og eksternt lagringsmedium. Studentane må disponere eigen bærbar PC til generelle formål, men høgskulen har ein godt utstyrt stasjoner maskinpark tilgjengelig for studentane til spesialformål som videoredigering. Det går fram av emneplanane om det er obligatorisk frammøte til undervisninga. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Kjell Antvort, 70075392, kjell.antvort@hivolda.no

Studieprogramkode

MIDBV

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

– får kompetanse i flere ulike mediefelt

Media, IKT og design i Volda var en god mulighet for meg til å få kompetanse i flere ulike mediefelt, og det gjorde utdannelsen min mer fremtidsvennlig. Med det mener jeg at fremtidens mediehus vil ha behov for mennesker som kan mestre flere ulike kommunikasjonsverktøy. Slik blir media, IKT og design et veldig godt studium. Studentmiljøet i Volda er svært inkluderende og åpent, og det er veldig lett å bli kjent med menneskene her. Selv ser jeg for meg å bruke studiet som en grunnleggende basiskunnskap, for deretter å fordype meg i det jeg er mest interessert i, for eksempel kunstfoto og film.

Christoffer Vågnes, bachelor i media, IKT og design.