Studieprogramnamn
Drama/TeaterEngelsk studieprogramnamn
Drama/Theatre, Part-time courseStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 stpStudielengd
2, men ut fra dei emna ein vel, kan det takast på 1 semester. (Sjå emneoversyn under årsstudium)Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Halvårsstudiet i drama/teater har ei praktisk-teoretisk tilnærming til faget og utviklar deg som utøvar i interessante teaterproduksjonar og/eller som drama/teaterpedagog.
Halvårsstudiet i drama/teater kvalifiserer deg for å delta i arbeid som drama- og teaterpedagog.
Studiet kan takast som ein del av eit bachelor-program eller som fag-/vidareutdanning.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Kandidaten har
- har kunnskap om utvalde drama- og teaterfaglege tema, teoriar og problemstillingar
- har kunnskap om utvalde drama- og teaterfaglege metodar, verkty og prosessar
Ferdigheiter
Kandidaten kan
- kan planleggje og leie praktiske øvingar og opplegg saman med andre
- kan bruke utvalde drama- og teaterfaglege teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i kunstnarleg formidling
Generell kompetanse
Kandidaten kan
- planleggje og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningslinjer
- utveksle synspunkt og erfaringar med andre og slik medverke til utvikling av god praksis
Fagleg oppbygging
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| DR111 | Inn i dramafaget | 15,00 | V | 15 | |
| DR112 |
Inn i teateret I: Skodespelarteknikk og barneteater |
15,00 | V | 15 | |
| DR113 | Inn i teaterhistoria | 15,00 | V | 15 | |
| DR114 |
Inn i teateret II: Skodespeltarteknikk og teaterproduksjon |
15,00 | V | 15 | |
| DR117 | Forteljing og retorikk | 15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Forslag til studieløp over eit semester:
DR111 og DR112 - Haust
eller
DR113 og DR107 - Vår
Forslag til studieløp over to semester:
DR111 - haust og DR107 eller DR113 - vår
eller
DR112 - haust og DR114 - vår
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Merk at desse emna byggjer på kvarandre; DR112 og DR114
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Sigrun Meisingset, 70075334, sme@hivolda.noStudieprogramkode
DRA30Avdeling
Avdeling for kulturfag<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

