Studieprogramnamn
FriluftslivEngelsk studieprogramnamn
Outdoor Life - FriluftslivStudietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60Studielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og tilrettelegge for auka friluftslivsdeltaking i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i friluftsliv for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge.
Læringsutbytte
Studiet i friluftsliv skal gi studentane:
- eit godt grunnlag for å veglede og undervise i friluftsliv
- ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
For å nå hovedmålet skal studiet gi studentane:
- allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- grunnleggande kunnskapar, ferdigheiter og haldningar for å kunne ferdast trygt i naturen med enkle hjelpemiddel
- grunnleggande kunnskapar om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
- dei kunnskaper, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav
- bakgrunn for og erfaring i vegledning/undervisning i og om naturen
- kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv i barnehage, skule og fritid.
Fagleg oppbygging
Studiet er satt saman av to emne, kvart på 30 studiepoeng, som byggjer på kvarandre. Første emnet har vekt på basisferdigheiter, friluftsliv ved kysten, friluftsliv fra fjøre til fjell, kanopadling, ulike tauaktiviteter og sikring. I tillegg til dagsturar blir det ca fire veker til saman med overnatting ute. Ei veke med eigenferd i grupper, samt åleinetur er lagt inn på hausten, saman med ca. ei veke observasjonspraksis. Viktige tema er friluftslivspedagogikk og veglederlære, friluftsliv og samfunn, naturkjennskap og utstyrslære.
Andre emne har hovudtema snø, ski, fjell og bre. Snø og skredlære er et viktig fokus tidlig på vinteren. Det blir opphald på fjellhytte i Sunnmørsalpane, før turar i vinterskog og vinterfjell. Seinare på våren kjem vårskisamling og brekurs. I tillegg til tre til fire veker med utandørs overnatting med vegleder kjem ein til to veker med fordjuping og eigenferd.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| IFL105 | Frå fjøre til fjell | 30,00 | O | 30 | |||||
| IFL106 | Snø, ski og bre | 30,00 | O | 30 | |||||
| Sum: | 30 | 30 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
Praksis
Fire dagar observasjonspraksis og fem dagar veglederpraksisAnna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Ferdighetskrav: Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bære oppakning. Studentane må vere symjedyktige.
Materiellpengar: Det blir kravd inn kr 250 pr. semester i materialpengar , som skal dekke bruk av utstyr og materiell
Utgifter: studentene må sjølv sørge for transport til og fra samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Dag Erik Wold. Tlf: 70 07 54 58 E-post: woldde@hivolda.noStudieprogramkode
FRIARAvdeling
Avdeling for kulturfag<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

