Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

 


Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar

 

 

–vil gjerne jobbe med friluftsliv på ein folkehøgskule
Vegard Voll Bøyum, årsstudium i friluftsliv:
Eg valde årsstudiet i friluftsliv fordi eg visste at det var noko eg interesserte meg for, og at det var mykje praktisk undervisning. Eg ville også finne ut om eg kunne tenkje meg å arbeide med noko innanfor friluftsliv, og då var det greitt å ta eit årsstudium.
På friluftsliv er det eit godt og sosialt studiemiljø, der ein er mykje på tur med klassen. Studiet er delt inn i to semester, og i første semesteret er ein på tur i fjell og skog rundt om på Sunnmøre. Vi driv også mykje med kystfriluftsliv i fyrste semesteret, der ein mellom anna for prøvd å segle, noko som er kjempemoro. Andre semesteret er det vinterfriluftsliv, der ein får gå på skiturar, lage snøhole, gå på bre og lære om skred. Ein har også ordinære førelesingar, til dømes om friluftslivpedagogikk og friluftsliv og samfunn. Eg tek ein bachelor i friluftsliv for å kunne jobbe som lærar innanfor friluftsliv på ein folkehøgskule.