Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Friluftsliv

Engelsk studieprogramnamn

Outdoor life/Friluftsliv, intermediate course

Studietype

Fordjupningsstudium

Studiepoeng (ETCS)

60

Studielengd

2

Opptakskrav

Fullført eitt av følgjande to alternativ:
1. 60 stp i friluftsliv
2. 30 stp friluftsliv + 30 stp andre emne etter individuell vurdering

Innleiing

Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka friluftslivsdeltaking og helsefremjande arbeid i samfunnet. Studenten skal kunne planlegge og dels drive opplæring innan friluftsliv for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne drive opplæring innan helsefremjande arbeid med vekt på betydinga av fysisk aktivitet, tilrettelegging for fysisk aktivitet for ulike grupper og kunnskap om motivasjonens betydning for valet av ein fysisk aktiv livsstil.

Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast som eit sjølvstendig avsluttande fordjupingstudium med sikte på auka kompetanse for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet gir grunnlag for mastergradstudium innan friluftsliv ved fleire utdanningsinstitusjonar i Noreg og i utlandet.

Læringsutbytte

Studiet i friluftsliv skal gi studentane:
- opplæring og fagleg fordjuping friluftsliv
- eit reflektert grunnlag for vegledning og undervisning i friluftsliv, også i eit helseperspektiv
- ei god plattform for vidare studium i friluftsliv
- grunnleggande kunnskap i vitenskapsteori og metode

For å nå hovedmålet skal studiet gi studentane:
- allsidig kjennskap til ulike former for natur under vekslande tilhøve, bygd på opplevingar og erfaringar i naturen
- grunnleggande kunnskaper, ferdigheiter og haldningar for å kunne ferdes trygt i naturen med enkle hjelpemiddel, med vekt på sjølvvalt fordjupingsområde og vinterfjell
- grunnleggande kunnskaper om samspelet i naturen, og forståing for mennesket sin plass sett frå ein økologisk og naturfilosofisk synstad
- dei kunnskaper, ferdigheiter og haldningar som er nødvendige for å kunne vurdere eigne og andre sine føresetnader i høve til ulike naturkrav
- bakgrunn for og erfaring i vegledning/undervisning i og om naturen
- kjennskap til dei rammevilkår og krav som er aktuelle i høve til friluftsliv innan privat verksemd og offentleg samanheng
- grunnleggande kunnskap om vitskapsteori og metodelære.

Fagleg oppbygging

Studiet er satt saman av fire emne, kvart på 15 stp.:
- Friluftsliv I, IFL 203, har vekt på ferdsel i fjell, høgfjell og bre. Naturkjennskap knytt til fjell og høgfjell. Filosofiske og didaktiske perspektiv blir vidareført frå grunnivået. Emnet inneheld eigenutvikling på eit avgrensa tema.
- Helseemnet, IFL 205, omhandlar fysiologiske og psykologiske perspektiv knytt til friluftsliv som helsefremjande aktivitet. Praktisk pedagogisk nærmiljøprosjekt. Observasjonspraksis knytt til helsefremjande arbeid med friluftsliv.
- Friluftsliv II, IFL 204, har vekt på vinter, snø og skred, der ein byggar vidare på kunnskapen frå grunnivået. Det blir fordjupingstur til Sveits (Davos), Svalbard eller i Norge. Studiesamling på snødekka bre. Segltokt på Sunnmørskysten som avslutningstur.
- Bacheloremnet, IFL 206, inneber ein skriftleg oppgåve knytt til tema innafor friluftsliv, der ein nyttar vitskapleg tilnærming med utforming av problemstilling, val av metode, innsamling av data og drøfting. Reglar for sitering og referering.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
IFL203 Friluftsliv I 15,00 O 15  
IFL205 Helse 15,00 O 15  
IFL204 Friluftsliv II 15,00 O   15
IFL206 Bacheloroppgåve 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

I samband med Helse, IFL 205, skal studentane gjennomføre fire dagar observasjonspraksis knytt til helserelatert arbeid med friluftsliv i gruppe på 2-3 studentar.
I samband med Friluftsliv II, IFL 204, skal studentane gjennomføre fire dagar heilskapeleg praksis, der studentane har hand om eit heilt opplegg.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Ferdigheitskrav: Ein føreset at studentane er fysisk skikka og utstyrsmessig utrusta til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt, bevege seg i ulendt terreng og bære oppakning. Studentane må vere symjedyktige.

Materiellpengar: Det blir kravd inn kr 250 pr. semester i materialpengar , som skal dekke bruk av utstyr og materiell

Utgifter: studentene må sjølv sørge for transport til og fra samlingar, samt dekke økonomiske utgifter til desse turane.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Ola Einang. Tlf: 70075256 E-post: ola.einang@hivolda.no

Studieprogramkode

FRIFO

Avdeling

Avdeling for kulturfag


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Svein Ivar Moltu, friluftsliv fordjuping:
Ein skal leite lenge etter plassar i Noreg med betre rammevilkår for friluftsliv. Med umiddelbar nærleik til fjord og tind gjorde det valet lett for meg.