Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Utefag

Engelsk studieprogramnamn

Outdoor life for kindergarten

Studietype

Halvårsstudium, deltid.

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

2 semester.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Studiet kan takast som fordjupingseining i førskulelærarutdanninga og som del i ein bachelor i kroppsøving og friluftsliv. Studiet kan også takast som vidareutdanning for lærarar, førskulelærarar og andre yrkesgruppes som arbeider med barn og natur. Studiet omfattar arbeidsformer med forelesningar, feltarbeid, prosjekt- og gruppearbeid, og eigenstudier. Store delar av undervisninga vil gå føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet. Det blir turar med og utan overnatting. Studiet fokuserer på desse hovudområda:

  • Barns forhold til natur
  • Barn – fysisk aktivitet - friluftsliv
  • Barnehagen og skulen sitt uteområde og nærmiljø.

Læringsutbytte

Etter endt studieløp skal studenten
- ha kunnskap om og kjennskap til korleis ein tek med barn ut i naturen og nærmiljøet i all slags vèr og til alle årstider,
- kunne å planleggje og gjennomføre frie og organiserte utandørsaktivitetar med barn i barnehage og småskule,
- ha utvikla eigne kunnskapar, haldningar og praktiske ferdigheiter.

Fagleg oppbygging

Studiet er samansett av to emne, Utefag I, som går i haustsemesteret og Utefag II, som går i vårsemesteret. Kvart emne på 15 studiepoeng.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
IFL107 Utefag I 15,00 O 15  
IFL108 Utefag II 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studieplanen byggjer på nasjonal rammeplan for barnehagen (2006) og Kunnskapsløftet/Læreplan for grunnskulen (2006). Studiet er tverrfagleg innan fagområda
Natur, miljø og teknikk og Kropp, bevegelse og helse, og inneheld tre delemne:

Barn og natur

  • Den lille naturforskaren
  • Dyr og planter ved kysten og i havet. Fiske. Mat frå naturen.
  • Trygg i og ved vatn. Bruk av båt og kano. Førstehjelp og kameratredning.
  • Dyr og planter i skog og fjell; sommer, haust, vinter og vår
  • Geologi, landformer, bre.
  • Økologi: Økosystem og biologisk mangfald.
  • Snøen som miljøfaktor.
  • Naturglede og opplevingar om vinteren og i vårskogen.
  • Naturbruk og naturforvaltning.

Barn – fysisk aktivitet – friluftsliv

  • Inspirere og legge til rette for trygg og utfordrende kroppslig leik og aktivitet i ulike naturmiljø..
  • Barn si allsidige utvikling. Korleis stimulere barna til å verte nysgjerrige og oppdagande.
  • Leggje til rette for enkelt og trygt friluftsliv for barn. Lovar og reglar.
  • Leggje til rette for leik, meistringsglede og sosialisering.
  • Snø og is som røyrslemiljø og formingsmateriale.
  • Leggje til rette for enkelt og trygt vinterfriluftsliv for barn. Orientering, leirplass, rasteplass og ly.
  • Aktivitetar og friluftsliv om våren. Mat frå naturen.

Uteområde og nærmiljø

  • Viktigheten av dei fysiske rammene for barns læring.
  • Kartleggje og vurdere områder i nærmiljøet for variert bruk.
  • Risiko og tryggleik i nærmiljøområde. Lovar og reglar.

Praksis

I løpet av studiet skal studentane ha 4 veker barnehageovertaking. Praksis og rapport slik praksisplanen for førskulelærarutdanninga tilseier.



Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studentane må rekne med utgifter til reiser og samlingar. Materialavgift 250 kroner.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Rune Pettersen tlf 70075347, rp@hivolda.no, Dag Erik Wold tlf 7075458, woldde@hivolda.no

Studieprogramkode

UTE1V

Avdeling

Avdeling for kulturfag.


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon