Studieprogramnamn
FriluftslivEngelsk studieprogramnamn
Outdoor Life EducationStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30Studielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanse.Innleiing
Friluftsliv er i fokus mellom anna som aktiv og helsebringande livsstil, som undervisningsemne og som middel i arbeidet med mennesker i ulike livsfaser og livssituasjonar.
Studiet kvalifiserer for arbeid med barn, ungdom og vaksne i skuleverket, institusjonar og organisasjonar, der formidling og rettleiing i friluftsliv er eige emne eller der friluftsliv nyttast som metode.
Studiet kan gå inn som del av bachelorstudium i friluftsliv / idrett, som valfri del av mellom anna lærarutdanninga, og kan takast som vidareutdanning og som eige frittståande studium.
Læringsutbytte
Etter endt studieløp skal studenten
- ha kunnskap om friluftslivet sin plass i det norske samfunnet,
- ha kunnskap om og reiskapar til planlegging i, gjennomføring av og refleksjon over formidling og rettleiing av friluftsliv for ulike grupper,
- ha grunnleggjande dugleikar i praktiske og tryggleiksmessige sider ved enkelt, tradisjonelt friluftsliv i fleire naturmiljø året rundt,
- og ha grunnlag for å kunne utveksle synspunkt og erfaringar for å kunne vere med å utvikle god praksis innan fagfeltet friluftslv.
Fagleg oppbygging
Haustsemesteret: IFL 110 Friluftsliv skog, fjell og fjord om hausten.
Vårsemesteret: IFL 111 Friluftsliv skog og fjell om vinteren og våren.
IFL 111 byggjer på IFL 110.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| IFL110 |
Friluftsliv skog, fjell og fjord om hausten. |
15,00 | O | 15 | |
| IFL111 |
Friluftsliv skog og fjell om vinteren og våren. |
15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Praksis
Ingen praksis er påkrevd.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Ein føreset at studentane er fysisk og utstyrsmessig førebudd til å gjennomføre undervisningsopplegga med overskot. Under samlingane vil ein bu i telt og bevege seg med oppakning i ulendt terreng til fots og på ski. Studentane må kunne å symje.
Studentane må rekne med utgifter i samband med reising, mat og opphald under studiesamlingane.
Materialpengar kr.250,- pr. semester.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieevaluering og fagkritisk arbeid gjennomførast i samsvar med gjeldande retningsliner ved HVO. Sjå emneplanane.
Studieprogramansvarleg
Nils Ola Skuset, 70 07 53 72, nos@hivolda.noStudieprogramkode
FRI30Avdeling
Avdeling for kulturfag<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

