Studieprogramnamn
IdrettEngelsk studieprogramnamn
Sports/physical educationStudietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 stp.Studielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Ved fullføring av dette studiet skal studenten kunne planlegge og legge til rette for auka idrettsleg deltaking og helsefremjande aktivitet i samfunnet. Studenten skal også kunne planlegge og drive opplæring i idrett innan for skule, frivillige organisasjonar og andre institusjonar. Studiet inngår som ein del av bachelorgradstudiet i idrett og friluftsliv ved HVO, men kan også sjåast på som eit sjølvstendig, avsluttande studium med sikte på auka kompetanse i idrett for arbeid i skuleverk og organisasjonar o.a. Studiet er svært relevant for lærarar og andre arbeidsgrupper som vil arbeide med barn og unge. Idrett årsstudium kan også innpassast i andre bachelorstudium ved HVO og andre utdanningsinstitusjonar både i innland og utland. Idrett årsstudium kan vere eitt av faga som gir grunnlag for opptak på PPU i kroppsøving. Studiet kan veljast av studentar 3. eller 4. studieår i lærarutdanninga.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Kandidaten
- har grunnleggjande kunnskap om barn og unge si læring og utvikling, både fysisk, psykisk og sosialt
- har grunnleggjande kunnskap om korleis ein kan leggje til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik, alder, modning og utviklingsnivå
- har fagspesifikk og grunnleggjande kunnskap om dei ulike disiplinane innan idrett og friluftsliv i studiet
- har grunnleggjande kunnskap om idretten sin historie, tradisjon, eigenart og samfunnsrelevans
- har grunnleggjande kunnskap om kva for betyding leik, idrett, dans og friluftsliv kan ha for bevegelsesglede, utvikling, læring og helse
FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan reflektere over eiga faglege utøving og justere denne under rettleiing
- kan beherske grunnleggjande analysereiskap, teknikkar og uttrykksformer
- kan planleggje, leie, leggje til rette, gjennomføre og vurdere allsidig aktivitet både for barn, unge og vaksne i ulike skuleslag og i den frivillige idretten
- kan demonstrere og vurdere ulike bevegelsesløysingar og setje i verk tiltak for å fremje ei føremålstenleg bevegelsesutvikling som gir gode meistringsopplevingar
- har grunnleggjande ferdigheiter i å kunne leggje til rette for læring i ulike idrettslege disiplinar tilpassa ulik, alder, modning og utviklingsnivå
- har grunnleggjande ferdigheiter i utvalde disiplinar innan idrett og friluftsliv
GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekkjer seg over tid, aleine og som deltakar i ei gruppe, og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante utrykksformer
- har praktisk erfaring med og kan rettleie innan idrett
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre innan idrett og friluftsliv og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kan diskutere og arbeide kritisk med problemstillingar knytt til kroppsøving, idrett og friluftsliv ved å bruke kunnskap om idrettsvitskaplege teoriar og metodar
Fagleg oppbygging
Studiefaget idrett har sin eigenart i arbeidet med praktiske aktivitetar i ulike miljø. Innhaldet i fagstudiet er difor i stor grad praktisk retta og tek til ei viss grad omsyn til lærestoffet som er forpliktande for grunnskulen. 3 års allmennlærarstudentar vil grunna praksis vere fritatt noko undervisning. Idrett årsstudium består av 4 emne:
IFL101 Motorisk læring (haust)
IFL102 Pedagogikk, idrett og samfunn (haust)
IFL103 Idrett- og kroppsøvingsdidaktikk (vår)
IFL104 Treningslære (vår)
Kvart emne vil innehalde teori, praktisk aktivitet, praktisk metodiske oppgåver, skriftlege prøver og eksamen. IFL101 må takast før IFL104. IFL102 må takast før IFL103.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| IFL101 | Motorisk læring | 15,00 | O | 15 | |
| IFL102 | Pedagogikk, idrett og samfunn | 15,00 | O | 15 | |
| IFL103 | Idretts- og kroppsøvingsdidaktikk | 15,00 | O | 15 | |
| IFL104 | Treningslære | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Praksis
Alle studentane skal være med på å planleggje og undervise barn med særlige behov i samband med Spenningskurset på Bjorli vinteren 2012. Omfanget av denne praksisen vil være ca. 20 timar medrekna planlegging/samtale med lærar/rettleiar. Studentane skal vidare ha 20 timar instruksjonspraksis i idrettslag/frivillige institusjonar eller skular, denne praksisen skal ikkje vere rettleia. Studentar som tek idrett som 3. år i lærarutdanninga skal ha praksis etter gjeldande læreplan i lærarutdanninga.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Seksjonen nyttar classfronter i kommunikasjon med studentane. Gjennom undervisninga vil studentane få eit bevisst forhold til bruk av IKT. Informasjonsteknologi vil vere eit reiskap i samband med informasjonssøking, arrangement, testing, studentpresentasjonar og undervisning i faget.
Forkrav: Godkjent kurs i studieteknikk, vitskapsteori og oppgåveskriving. Det er eit forkurs og obligatorisk for dei som ikkje har høgare utdanning frå før.
Studentane må rekne med utlegg til transport og opphald i samband med undervisning, ekskusjonar og skikurs.
Krav for å få godkjent studiet:
Godkjent alle emne, godkjent praksis, betalt materialavgift og eigenandel til Spenningskurset i vårsemesteret. Det er ei materialavgift på 150 kr. på kvart av dei fire emna, i tillegg er det ein eigenandel på Spenningskurset på 350 kr.
Materialavgift
På IFL101, IFL102, IFL103 og IFL104, vil det bli kravd ei materialavgift på 100 kr pr. emne.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Eli-Karin Sjåstad Åsebø, 70075351, eksaa@hivolda.noStudieprogramkode
IDRETTARAvdeling
Avdeling for kulturfag, AKF<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

