Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

 


Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar

 

 

-eg gler meg til omtrent kvar time
Marte Brautaset, idrett årsstudium:
Eg valde idrett årsstudium i Volda fordi eg visste at eg ville gjere noko av det eg liker best: drive med fysisk aktivitet og idrett. Eg var usikker på om eg skulle velje fordjuping i friluftsliv eller idrett, men framtidige yrkesmoglegheiter avgjorde at idrett passa best for akkurat meg. I tillegg til eit bra studietilbod, har Volda eit kjempebra studentmiljø og gode treningsmoglegheiter. Vakre fjordar og fjell gjer at vi har eit attraktivt friluftslivsområde, og vi har i tillegg eit nytt og suverent treningssenter!

Det er ikkje berre kjekt og spenstig med eit år med idrett, men også kjempesosialt! Studenthuset Rokken er verd å trekkje fram i den samanheng, då der ofte er kjende artistar som spelar og mykje liv og røre elles. Ein blir lett kjend med folk i Volda då det er så inkluderande her! Klassemiljøet vårt er til dømes samansett av folk frå heile landet, og miljøet er slik at alle får ei grunnleggjande meistringskjensle – noko som er viktig for at ei idrettsgruppe skal fungere. Eg gler meg til omtrent kvar time, fordi innhaldet både er svært variert og kjekt. Lærarane på studiet er flinke til å rettleie deg om du lurer på noko, og til saman er erfaringane mine frå studiet så positive at eg vil anbefalar det for alle som har lyst på eit variert og sprekt studieår.