Studieprogramnamn
MusikkEngelsk studieprogramnamn
MusicStudietype
VidareutdanningStudiepoeng (ETCS)
15 stp pr emneStudielengd
1 semester pr emne (deltid)Opptakskrav
Fullført 30 studiepoeng i musikk fra HVO eller tilsvarande studium fra andre utdanningsinstitusjonar.Emna har ulike forkrav – sjå emneplanane.
Innleiing
Vidareutdanningsstudium i musikk inneheld seks frittståande emne som kvar for seg er fordjupingsstudium og som byggjer på Årsstudium i musikk ved Høgskulen i Volda. Studenten vil kunne utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikk, gjennom arbeid med eitt eller fleire av fylgjande hovudområde: arrangering, komponering, musikkhistorie, utøving og formidling, instrumentaldidaktikk og musikkteknologi.
Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk og kan innpassast i bachelorgraden i musikk ved Høgskulen i Volda. Det kan også innpassast i andre bachelorgradar eller i ei faglærarutdanning, som gjev grunnlag for opptak i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Gjennomført PPU gjev undervisningskompetanse for grunnskule og vidaregåande skule. Dei ulike emna i studiet kvalifiserer også for undervisning i kulturskulen.
Læringsutbytte
Læringsutbytte i studiet vert konkretisert i dei ulike emneplanane.
Fagleg oppbygging
Studenten kan velje frå følgjande emne:
MUS201 Musikk i kulturskulen, 15 stp. (haust)
MUS212 Arrangering, 15 stp. (haust)
MUS203 Musikkteknologi, 15 stp. (haust)
MUS206 Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi, 15 stp. (haust)
MUS204 Utøving og formidling, 15 stp. (vår)
MUS207 Musikkhistorie, 15 stp. (vår)
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| MUS201 | Instrumentaldidaktikk | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS212 | Arrangering | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS203 | Musikkteknologi | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS206 |
Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi |
15,00 | V | 15 | |||||
| MUS204 | Utøving og formidling | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS207 | Musikkhistorie | 15,00 | V | 15 | |||||
| Sum: | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
Praksis
Det kan verte lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen i emnet MUS201 Musikk i kulturskulen.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Ved val av fleire emne kan det oppstå timeplankollisjonar. Ta kontakt med studieprogramansvarleg for å avklare dette.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Elizabeth Oltedal, 70 07 52 85, elizabeth.oltedal@hivolda.noStudieprogramkode
MUSVIDAvdeling
Avdeling for kulturfag (AKF)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

