Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Musikk i grunnskulen

Engelsk studieprogramnamn

Music Teaching for children and adolescents

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 studiepoeng

Studielengd

2

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Halvårsstudium Musikkundervisning for barn og unge gjev eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planlegge, organisere, gjennomføre og evaluere ulike læringsprosessar og arbeidsmåtar i musikkfaget i grunnskulen.

Saman med halvårsstudiet Inn i musikken utgjer dette studiet Årsstudium i musikk. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk eller kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar.

Kandidaten skal utvikle haldningar, kunnskapar, ferdigheiter og handlingskompetanse i musikkfaget gjennom arbeid med fylgjande hovudområda: musikkutøving og dans, lytting, komponering, didaktisk refleksjon og praksis.

Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten har kunnskap om

  • musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike pedagogiske samanhengar
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
  • musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå

Ferdigheiter
Studenten kan

  • formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og pedagogisk praksis

Generell kompetanse
Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

MUS102 Musikkundervisning for barn og unge 1, 15 stp. (haust)

MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2, 15 stp. (vår)

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MUS102 Musikkundervisning for barn og unge 1 15,00 O 15  
MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Ei veke musikkdidaktisk praksis i grunnskulen inngår i studiet.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull Akademiet på Voss.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Henny Koppen, 70 07 53 27, henny.koppen@hivolda.no

Studieprogramkode

MUSSKU

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar