Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Inn i musikken

Engelsk studieprogramnamn

Into the music

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

2 (deltid)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Det er anbefalt at studenten har noko instrumental eller vokal praksis.

Innleiing

Halvårsstudium Inn i musikken gjev eit fagleg grunnlag i disiplinane musikkteori, arrangering, høyrelære, musikkorientering og utøving.

Saman med halvårsstudiet Musikk i grunnskulen utgjer dette studiet Årsstudium i musikk. Studiet gjev grunnlag for vidare studium i musikk eller kan inngå som valfri del i andre bachelorgradar.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten har kunnskap om

  • praktisk-teoretiske disiplinar i musikkfaget og om korleis desse kan nyttast i ulike samanhengar
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
  • musikkutøving og framføringspraksis

Ferdigheiter
Studenten kan

  • formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og formidling
  • tilrettelegge musikk for éin eller fleire utøvarar ved å nytte grunnleggande musikkteoretiske prinsipp

Generell kompetanse
Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

MUS101 Inn i musikken 1, 15 stp. (haust)

MUS103 Inn i musikken 2, 15 stp. (vår)

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MUS101 Inn i musikken 1 15,00 O 15  
MUS103 Inn i musikken 2 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Svein Hunnes, tlf. 70 07 52 89 svein.hunnes@hivolda.no

Studieprogramkode

MUSINN

Avdeling

Avdeling for kulturfag (AKF)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar