Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Musikk

Engelsk studieprogramnamn

Music foundation course

Studietype

Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)

60

Studielengd

2

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Det er anbefalt at studenten har noko instrumental eller vokal praksis.

Innleiing

Årsstudium i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Årsstudiet er identisk med første året i bachelorstudiet i musikk ved Høgskulen i Volda og gjev grunnlag for vidare studium i musikk. Studiet kan inngå som valfri del i den nye lærarutdanninga.

Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet.

Læringsutbytte

Kunnskapar
Studenten har kunnskap om

  • musikkfaget i ein brei fagleg kontekst, og om korleis faget kan praktiserast i ulike samanhengar i samfunnet
  • musikk og musikkfaget si historie og tradisjonar, med vekt på den vestlege kunstmusikken og populærmusikk, og norsk og samisk folkemusikk
  • musikkutøving og framføringspraksis
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå

Ferdigheiter
Studenten kan

  • formidle musikk og sentralt fagstoff i musikkfaget på varierte måtar
  • nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og pedagogisk praksis

Generell kompetanse
Studenten

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
  • kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
  • kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis

Fagleg oppbygging

MUS101 Inn i musikken 1, 15 stp. (haust)

MUS102 Musikkundervisning for barn og unge 1, 15 stp. (haust)

MUS103 Inn i musikken 2, 15 stp. (vår)

MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2, 15 stp. (vår)

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MUS101 Inn i musikken 1 15,00 O 15  
MUS102 Musikkundervisning for barn og unge 1 15,00 O 15  
MUS103 Inn i musikken 2 15,00 O   15
MUS104 Musikkundervisning for barn og unge 2 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Ei veke musikkdidaktisk praksis i grunnskulen inngår i studiet.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull akademiet på Voss.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Elizabeth Oltedal, 70 07 52 85, Elizabeth.oltedal@hivolda.no

Studieprogramkode

MUSÅV

Avdeling

Avdeling for kulturfag


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon