Studieprogramnamn
MusikkEngelsk studieprogramnamn
Bachelor of MusicStudietype
BachelorgradsstudiumStudiepoeng (ETCS)
180Studielengd
6Opptakskrav
Generell studiekompetanse.Innleiing
Bachelor i musikk er ei praktisk-teoretisk utdanning i musikkfaget med fokus på musikkfaglege disiplinar, utøving, formidling og fagdidaktikk. Studiet gjev grunnlag for utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. skulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
For å få formell undervisningskompetanse for grunnskulen eller vidaregåande skule må ein ha fullført eit praktisk pedagogisk studium i tillegg. (Opptakskriteria for allmennfagleg PPU ved HVO er å finne på http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html#map009).
Graden kvalifiserer også for vidare mastergradsstudium.
Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i første året på studiet.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har kunnskap om
- utøving av musikkfaget i ein brei fagleg kontekst i ulike samanhengar i samfunnet
- fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
- sentrale musikkpedagogiske problemstillingar, metodar og verkty på ulike nivå
- forskings- og utviklingsarbeid i musikkfaget og korleis ein kan vidareutvikle eigne kunnskapar i faget
- utvalde retningar innan vitskapsteori og metode
Ferdigheiter
Studenten kan
- nytte teknikkar, arbeids- og uttrykksformer i musikkfagleg utøving og formidling
- nytte musikkfagleg kunnskap på praktiske og teoretiske problemstillingar, grunngje vala sine og analysere relevante kulturfaglege uttrykk
- nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i ulike samanhengar og på ulike nivå, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
- reflektere over eigne ferdigheiter innan utøving og fagdidaktikken og har evne til fagleg fornying
Generell kompetanse
Studenten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre, i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Fagleg oppbygging
For å oppnå bachelorgraden må studenten ha til saman 180 studiepoeng. Musikk må utgjere minst 90 studiepoeng. Anbefalt løp for bachelorgraden er 180 studiepoeng i musikkfag, men inntil 90 studiepoeng kan vere i andre einfaglege eller tverrfaglege emne.Sidan bachelorgraden har ei pedagogisk vinkling, er det eit krav at evt støttefag skal ha relevans for skulen eller kulturskulen.
Delar av studiet kan takast ved utanlandske institusjonar, som til dømes musikk-konservatoriet i Riga. Andre studiestader kan også vere aktuelle, til dømes studium i Australia. Høgskulen sitt Austral-asiatiske kulturstudium høver godt inn i studiet.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| MUS101 | Inn i musikken 1 | 15,00 | O | 15 | |||||
| MUS102 | Musikkundervisning for barn og unge 1 | 15,00 | O | 15 | |||||
| MUS103 | Inn i musikken 2 | 15,00 | O | 15 | |||||
| MUS104 | Musikkundervisning for barn og unge 2 | 15,00 | O | 15 | |||||
| MUS205 | Bacheloroppgåve i musikk | 15,00 | O | 15 | 15 | ||||
| MUS212 | Arrangering | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS201 | Instrumentaldidaktikk | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS204 | Utøving og formidling | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS206 |
Intuitiv komposisjon/improvisasjon og musikkfilosofi |
15,00 | V | 15 | 15 | ||||
| MUS207 | Musikkhistorie | 15,00 | V | 15 | 15 | ||||
| MUS208 | Ensembleleiing | 15,00 | V | 15 | |||||
| MUS203 | Musikkteknologi | 15,00 | V | 15 | |||||
| Sum: | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | |||
Praksis
PraksisI studium av emne med eit didaktisk innhald (MUS102, MUS104, MUS201 og MUS208) kan det verte lagt til rette for praksis i musikk. Omfang og form er avhengig av emne.
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det er anbefalt at studentar har noko instrumental eller vokal praksis.
Det vert arrangert obligatorisk studietur til Ole Bull Akademiet på Voss for studentar første året (emne MUS102).
For andre ekskursjonar, sjå det enkelte emnet.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Elizabeth Oltedal, tlf.70 07 52 85, elizabeth.oltedal@hivolda.noStudieprogramkode
MUSBVAvdeling
Avdeling for kulturfag<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

