Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Naturfag for barnesteget

Engelsk studieprogramnamn

Natural Sciences 1. Half Year Programme

Studietype

Halvårsstudium, vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

To semester

Opptakskrav

REALFA: R1/ (S1 og S2) og enten (R1+ R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2) eller tilsvarande realfag frå reform 94 og tidlegare reformer. For studentar med fullført lærarutdanning som ønskjer å ta studiet som vidareutdanning er det ingen særskilte forkrav.

Innleiing

Til alle tider og i alle kulturar har menneska samla kunnskap om naturen og brukt denne kunnskapen til å betre sine levevilkår. Naturvitskapane og dei teknologiske endringane som bygger på desse har vore føresetnaden for framkomsten av dagens globale sivilisasjon. Vi står nå føre store gjennombrot innan teknologi og medisin. Samstundes viser all erfaring at desse gjennombrota vil føre med seg ytterlegare øydelegging av naturen som alt levande avheng av. Om sivilisasjonen skal erkjenne desse problema og kunne tilpasse seg naturens rammer på eit fornuftig sett, vil vi trenge stadig fleire som har innsikt i dei naturvitskaplege og teknologiske fagområda, og kva for konsekvensar endringane her vil få. Dersom interessa for desse fagområda skal kunne auka hos barn og unge i framtida, trengs det flest mogleg lærarar med gode kunnskapar i naturfaga i grunnskulen.

Læringsutbytte

Studenten skal gjennom studiet:

  • tileigne seg grunnleggande kunnskapar i naturvitskapsfaga biologi, fysikk, geofag og kjemi med tanke på å gje teoretisk og praktisk retta undervisning i skulefaget naturfag slik det er omtala i læreplanen ”Kunnskapsløftet” (LK06)
  • utvikle evne til å vurdere lærestoff, læremiddel, arbeidsformar og læreplanar som grunnlag for utvikling av naturfaget på eigen skule, og leggje til rette for undervisning i samspel med andre fag i skulen
  • utvikle reflekterte haldningar til naturfag og til undervisning i faget

Fagleg oppbygging

Naturfag for barnesteget er sett saman av dei to emna NAT101 (undervisast om hausten) og NAT102 (undervisast om våren). Kvart emne er på 15 studiepoeng. Begge emna er avsluttande og kan takast separat, men av di NAT102 byggjer på NAT101, må sistnemnde takast først. Skal ein ta berre eitt av emna må ein difor ta NAT101. For meir informasjon, sjå emneplanane.

Emnetabell:

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
NAT101 Naturfag for barnesteget, emne 1 15,00 O 15  
NAT102 Naturfag for barnesteget, emne 2 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Studentar som tek studiet innanfor tredje år i allmennlærarstudiet må gjennomføre lærarpraksis etter gjeldande praksisplan. Studentar som tek studiet som vidareutdanning eller utanfor ordinær allmennlærarutdanning har ikkje obligatorisk praksis, men ein føreset at praktiserande lærarar kombinerar studiet med eigen praksis. Studentar som ikkje skal ha rammeplanfesta praksis må gjennomføre eit kompensatorisk arbeid av tilsvarande omfang. For meir informasjon, sjå emneplanane.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studentane må betale materialpengar i faget (kr. 100 per 15 studiepoeng). Delar av undervisninga, som til dømes feltkurs, vert lagt utanfor skuleområdet. Ved slike høve må studentane sjølve syte for transport til og frå kursstaden.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Studieprogramansvarleg

Førsteamanuensis Øyvind A. Schnell. Telefon: 70 07 52 64/70 07 54 65, e-post: oyvindsc@hivolda.no

Studieprogramkode

NATB

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon