Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Matkultur og helse

Studietype

Årsstudium

Studiepoeng (ETCS)

60 stp

Studielengd

To

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande institusjon og her kan Mat og helse vere ein viktig aktør for å førebygge kosthaldsrelaterte livsstilssjukdomar. Faget er ikkje eit reint teorifag heller ikkje eit reint praktisk fag og studentane skal lære å planlegge undervisning i faget som tek høgd både for den praktiske og den teoretiske komponenten. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06).
Studentane skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga individuelle behov. Studentane skal og lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag kvar skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng
Studiet skal og gi studentane kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne kulturen har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag. Spesielt vil konservering og salting, røyking og tørking av kjøt, bær og frukt vere sentrale emne å jobbe med. Studiet skal gi ei forståing for korleis den generelle samfunnsutviklinga, og korleis tekniske nyvinningar har vore med på å utvikle råvarer til nye matrettar. Religionen påverkar menneska når det gjeld kva ein skal ete og spesielt vil vi sjå på den jødiske mattradisjonen.

Læringsutbytte

Etter fullført emne skal studenten

  • ha kunnskap i ernæringslære og helse og korleis ein kan arbeide helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • ha kunnskap om mat og helse-faget i skulen; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
  • ha kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid
  • ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktiviteter knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff
  • ha kunnskap og ferdigheiter om konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, frukt og bær
  • ha kunnskap om korleis slaktinga om hausten går føre seg og partere og henge opp kjøt
  • ha kunnskap og ferdigheiter om korn og baking av lefser og flatbrød
  • ha kunnskap og ferdigheiter om mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør
  • ha kunnskap om mat, kultur og religion og kunne stelle i stand eit jødisk påskemåltid
  • ha kunnskap om førhistorisk matlaging og kunne bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage ei kokegrop å koke kjøt i
  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid

Fagleg oppbygging

Sjå emneplanane og «praktisk informasjon» for informasjon om innhald og organisering.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MKH101 Mat, kosthald og helse 1 15,00 O 15  
MKK101 Mat, kultur og konservering 1 15,00 O 15  
MKH102 Mat, kosthald og helse 2 15,00 O   15
MKK102 Mat, kultur og konservering 2 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Studentar som tek dette i samband med allmennlærarutdanninga har obligatorisk praksis slik det er fastsett etter gjeldande retningsliner. Studentar som ikkje tek studiet som del av ei lærarutdanning med obligatorisk praksis skal gjennomføre kompensatoriske oppgåver i samband med praksisperiodane.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 450 per emne. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen. Studentane må sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Erik Fooladi, 7007 5322, ef@hivolda.no og Heidi Brunstad-Øyehaug, 7007 5272, hb@hivolda.no

Studieprogramkode

MHEAR

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon