Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Mat, kosthald og helse

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 studiepoeng

Studielengd

2

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Studiet skal gje studenten grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter i det å undervise i Mat og helse i grunnskulen. Mat og Helse er knytt både til ein naturfagleg og ein helsefagleg komponent og studentane skal gjennom faget lære å sjå samanheng mellom ernæring og helse. Skulen i seg sjølv ønskjer å vere ein helsefremjande institusjon og her kan Mat og helse vere ein viktig aktør for å førebygge kosthaldsrelaterte livsstilssjukdomar. Faget er ikkje eit reint teorifag heller ikkje eit reint praktisk fag og studentane skal lære å planlegge undervisning i faget som tek høgd både for den praktiske og den teoretiske komponenten. Studentane skal gjennom studiet verte fortruleg med faget sin plass i skulen og tileigne seg kunnskap om undervisning og læring i Mat og helse sett i lys av læreplanen Kunnskapsløftet (LK06).
Studentane skal lære å sjå matlagingsaktivitetar og helse i høve til ulike målgrupper, aldrar og kulturar slik at ein tilpassar undervisninga individuelle behov. Studentane skal og lære å sjå mat i eit globalt perspektiv, der matproduksjon og bærekraft er knytt tett saman. Vidare må dei kritisk kunne vurdere kjelder, innhald og motiv i ein digitalisert kvardag kvar skiljet mellom fakta og reklame ikkje alltid er tydeleg, og sette dette inn i ein didaktisk samanheng

Læringsutbytte

Kunnskap
Etter fullført emne skal studenten ha

  • kunnskap i ernæringslære og helse og korleis ein kan arbeide helsefremjande i eit kosthaldsperspektiv
  • kunnskap om mat og helse-faget i skulen; undervisning, metodikk, fagdidaktikk
  • kunnskap om stoffa maten er bygd opp av, korleis desse reagerer når maten vert laga til og korleis dette kan nyttast i matlaging og læringsarbeid

Ferdigheiter
Etter fullført emne skal studenten

  • ha ferdigheiter i matlaging og korleis oppbevare og handsame mat
  • kunne planlegge og gjennomføre undervisning i Mat og helse i skulen
  • kunne setje saman eit fullverdig kosthald til ulike grupper
  • kunne planlegge og gjennomføre ulike slag av læringsaktiviteter knytt til mat, t.d. eksperimentering med råvarer og næringsstoff

Generell kompetanse
Etter fullført emne skal studenten

  • syne eit reflektert forhold til kosthald og kosthaldsplanlegging i høve ulike grupper
  • kunne tenke systematisk kring matlaging og eksperimentering med mat med utgangspunkt i kunnskap om næringsstoff og matvarer
  • kunne reflektere kring undervisning og læring i skulefaget Mat og helse, skulemåltid og Mat og helse som ramme for tverrfagleg læringsarbeid

Fagleg oppbygging

Sjå emneplanane og «praktisk informasjon» for meir informasjon om innhald og organisering.

Emnetabell:

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MKH101 Mat, kosthald og helse 1 15,00 O 15  
MKH102 Mat, kosthald og helse 2 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Studentar som tek dette i samband med allmennlærarutdanninga har obligatorisk praksis slik det er fastsett etter gjeldande retningsliner. Studentar som ikkje tek studiet som del av ei lærarutdanning med obligatorisk praksis skal gjennomføre kompensatoriske oppgåver i samband med praksisperiodane.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 450 per emne. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen. Studentane må sjølv syte for transport til og frå undervisningsstad.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Heidi Brunstad-Øyehaug, 7007 5272, hb@hivolda.no og Erik Fooladi, 7007 5322, ef@hivolda.no

Studieprogramkode

MHE30

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon