Studieprogramnamn
Mat, kultur og konserveringStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 studiepoengStudielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet skal gi studentane kunnskapar og ferdigheiter om norsk matkultur og korleis denne kulturen har utvikla seg frå forhistorisk tid og fram til i dag. Spesielt vil konservering og salting, røyking og tørking av kjøt, bær og frukt vere sentrale emne å jobbe med. Studiet skal gi ei forståing for korleis den generelle samfunnsutviklinga, og korleis tekniske nyvinningar har vore med på å utvikle råvarer til nye matrettar. Religionen påverkar menneska når det gjeld kva ein skal ete og spesielt vil vi sjå på den jødiske mattradisjonen.
Læringsutbytte
Etter fullført emne skal studentane ha
- kunnskap og ferdigheiter om konservering generelt og spesielt knytt til kjøt, frukt og bær
- kunnskap om korleis slaktinga om hausten går føre seg og partere og henge opp kjøt
- kunnskap og ferdigheiter om korn og baking av lefser og flatbrød
- kunnskap og ferdigheiter om mjølk, ysting av kvitost, koking av brunost, kinning av smør
- kunnskap om mat, kultur og religion og kunne stelle i stand eit jødisk påskemåltid
- kunnskap om førhistorisk matlaging og kunne bruke våren sine ville vekster i matlaginga og lage ei kokegrop å koke kjøt i
Fagleg oppbygging
Studieprogrammet består av dei to emna Mat, kultur og konservering 1 (MKK101, haust) og Mat, kultur og konservering 2 (MKK102, vår) på kvar 15 studiepoeng. Sjå emneplanane og ”praktisk informasjon” for meir informasjon om innhald og organisering.
Emnetabell:
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| MKK101 | Mat, kultur og konservering 1 | 15,00 | O | 15 | |
| MKK102 | Mat, kultur og konservering 2 | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Praksis
Studentar som tek dette i samband med allmennlærarutdanninga har obligatorisk praksis slik det er fastsett etter gjeldane retningsliner. Studentar som ikkje tek studiet som del av ei lærarutdanning med obligatorisk praksis skal gjennomføre kompensatoriske oppgåver i samband med praksisperiodane.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Studentane må betale materialpengar i faget, kr. 450 per emne. Delar av undervisninga kan verte lagt utanfor høgskulen. Studentane må sjølve syte for transport til og frå undervisningsstad.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringsprogram
Studieprogramansvarleg
Heidi Brunstad-Øyehaug, 7007 5272, hb@hivolda.noStudieprogramkode
MKK30Avdeling
AHL<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

