Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Matematikk i grunnskulen

Engelsk studieprogramnamn

Mathematics foundation course

Studietype

Årsstudium, vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

60 studiepoeng

Studielengd

2

Opptakskrav

REALFA: R1/(S1og S2) og enten (R1+R2) eller (FYS1+2) eller (KJE1+2) eller (BIO1+2) eller (INFO1+2) eller (GEO1+2) eller (TEK1+2) eller tilsvarande realfag frå reform 94 og tidlegare reformer.

For studentar med fullført lærarutdanning som ønskjer å ta studiet som vidareutdanning er det ingen særskilte forkrav.

Innleiing

Mennesket har til alle tider brukt og utvikla matematikk for å utforske universet, for å systematisere erfaringar og for å beskrive og forstå samanhengar i naturen og i samfunnet. Studiet gir ei grunnleggjande innføring i matematikk i grunnskulen. Dei matematikkfaglege tema er valde ut frå relevans for undervisning i grunnskulen og er sette inn i ein didaktisk samanheng. Etter læreplanen er ei av målsetjingane å vise elevane den relevans og nytteverdi faget har på ei rekkje område i samfunnet og i kvardagen for den enkelte. Studiet gir grunnlag for vidare studium på Matematikk 3.

Læringsutbytte

Studentane skal etter fullført studieprogram ha kunnskap innan matematikkdidaktiske og matematikkfaglege emne som er relevante for den tiårige grunnskulen. Studentane skal ha ferdigheiter i å kunne planleggje, organisere, gjennomføre og vurdere ulike læreprosessar for elevar i grunnskulen. Studentane skal ha innsikt i matematikkfaget si rolle i høve til andre fag, til kultur og samfunnet elles.

Fagleg oppbygging

Studiet er sett saman av emna MAT111 (haust), MAT112 (vår), MAT113 (haust) og MAT114 (vår), og svarar såleis til kombinasjonen av dei to halvårsstudia Matematikk 1 og Matematikk 2.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
MAT111 Tallære og geometri på barnetrinnet 15,00 O 15  
MAT113 Tallære, algebra og geometri på
ungdomstrinnet
15,00 O 15  
MAT112 Statistikk, sannsyn og prekalkulus på
barnetrinnet
15,00 O   15
MAT114 Statistikk, sannsyn og funksjonlære på
ungdomstrinnet
15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Evaluering og kvalitetssikring vert gjort i samsvar med høgskulen sitt system for kvalitetssikring.

Studieprogramansvarleg

Frode Opsvik, tlf 70075362, frode.opsvik@hivolda.no (kan bli endra)

Studieprogramkode

MATAR

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon