Studieprogramnamn
Norsk (nordisk) nettstudiumStudietype
NettstudiumStudiepoeng (ETCS)
4x15 stp (60 studiepoeng)Studielengd
2 semester (fulltid) eller 4 semester (deltid)Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet kan utgjere ein del av ein bachelorgrad og kan nyttast som grunnlag for fordjuping i norsk. Med sin særeigne kulturprofil gir studiet også eit godt grunnlag for eit seinare mastergradsstudium i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda.
Gjennom studiet skal studentane tileigne seg kunnskapar som er naudsynte anten dei skal bli norsklærarar eller bruke fagkunnskapen i andre yrkessamanhengar der ein treng kompetanse i norsk. Det gjeld mellom anna informasjonsarbeid og arbeid i presse eller forlag.
Undervisninga i det nettbaserte årsstudiet blir gitt gjennom nettleksjonar og oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Læringsutbytte
Etter fullført studium skal studenten
- ha grunnleggande kunnskapar om norsk (nordisk) språk og litteratur i fortid og notid
- vere fortruleg med metodiske hovudprinsipp for analyse av språk og tekst i ulike sjangrar
- vere i stand til å gjere greie for korleis språk og tekst fungerer i praktisk og kulturell samanheng
- kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
- ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål
Fagleg oppbygging
Studiet er sett saman av fire emne på 15 studiepoeng, to i språkkunnskap og to i litteraturkunnskap. Kvart emne er delt inn i tre tyngdepunkt. Dei to haustemna gir grunnleggjande innføring i nordisk språk- og litteraturvitskap. Ein rår til at studentane tek desse emna først. I vårsemestret har både det språklege og det litterære emnet eit kulturelt perspektiv.
Studentane tek eksamen i kvart emne. For å få godkjent studiet som årsstudium må ein ta eksamen i alle fire emna og skrive to eksamensoppgåver på bokmål og to på nynorsk. I evalueringa av eksamenssvara blir det lagt vekt både på fagleg og språkleg dugleik.
Språket som struktur gir studentane generell innføring i språkkunnskap, og emnet gir eit felles grunnlag for studiet av norsk (nordisk) språk.
Språket som kultur tek for seg språket i fortid og notid, og gir studenten teoretisk innsikt i forholdet mellom språk og samfunn.
Tekst og struktur gir innføring i dei litterære hovudsjangrane. Pensum er sett saman av sjangerteori, litteraturhistorie og eit utval tekstar.
Individ og kollektiv gir innføring i den litterære produksjonen i tre uliker periodar. Det blir lagt vekt på å analysere tekstane i ein kulturell og historisk samanheng.
Tilrådd studieløp:
Heiltid, oppstart haust
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO101N-AVG | Språket som struktur | 15,00 | O | 15 | |
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |
| NO104N-AVG | Tekst og kultur | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Deltid, oppstart haust
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | ||||
| NO101N-AVG | Språket som struktur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO104N-AVG | Tekst og kultur | 15,00 | O | 15 | |||
| Sum: | 15 | 15 | 15 | 15 | |||
Heiltid, oppstart vår
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |
| NO104N-AVG | Tekst og kultur | 15,00 | O | 15 | |
| NO101N-AVG | Språket som struktur | 15,00 | O | 15 | |
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Deltid, oppstart vår
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | ||||
| NO102N-AVG | Språket som kultur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO101N-AVG | Språket som struktur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO104N-AVG | Tekst og kultur | 15,00 | O | 15 | |||
| NO103N-AVG | Tekst og struktur | 15,00 | O | 15 | |||
| Sum: | 15 | 15 | 15 | 15 | |||
Praksis
Det er ikkje praksis knytt til studietAnna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Normert studietid er eitt år, men det er også mogleg å bruke lengre tid og ta eitt emne i kvart semester. Ein bestemmer sjølv om ein vil ta alle fire emna (fullt årsstudium) eller delar av studiet.
Studiet vert også tilbydd samlingsbasert utan studieavgift.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Kari Garshol Welle, kw@hivolda.no, 70 07 53 08Studieprogramkode
NORAR-AVGAvdeling
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

