Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Norsk 2: Språk og litteratur – samlingsbasert

Engelsk studieprogramnamn

Language and literature - gatherings

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

2

Opptakskrav

30 stp norsk. Norsk 1 i lærarutdanninga

Innleiing

Norsk 2: Språk og litteratur er eit tilbod for studentar som har teke Norsk 1 i lærarutdanninga, og som ønskjer vidareutdanning i norsk. Tilbodet er sett saman av to emne frå årsstudiet i norsk. Norsk 2: Språk og litteratur gir 30 studiepoeng, i tillegg til 30 studiepoeng frå Norsk 1 i lærarutdanninga.

Studiet gir undervisningskompetanse i skuleverket. Studiet kvalifiserer også for opptak på fordjupingsstudiet i norsk språk og/eller litteratur ved HVO.

Læringsutbytte

Etter fullført Norsk 2 skal studenten

  • ha grunnleggande kunnskapar om norsk språk og litteratur i fortid og notid
  • vere fortruleg med hovudprinsipp for tekst- og sjangeranalyse
  • kunne gjere greie for språk i sosial, kulturell og historisk kontekst
  • kunne formulere ein samanhengande, resonnerande tekst i samsvar med generelle krav til akademisk oppgåveskriving
  • ha solide ferdigheiter i nynorsk og bokmål

Fagleg oppbygging

I haustsemesteret ligg vekta på grunnleggande innføring i dei litterære hovudsjangrane og på praktisk tekstanalyse. Språkdelen i vårsemesteret har eit kulturperspektiv. Her blir det arbeidd med språket i lys av historiske og sosiale forhold.

Studiet er sett saman av to emne, kvart på 15 studiepoeng: NO113S: Tekst og struktur og NO112S: Språk og samfunn . Kvart emne har tre tyngdepunkt (TP):

NO113S Tekst og struktur

TP1: Lyrikk
TP2: Epikk
TP3: Dramatikk

NO112S Språk og kultur

TP1: Talemål og sosiolingvistikk
TP2: Skriftkultur og språkhistorie
TP3: Tekstteori og pragmatikk

Fagplanar og pensum finn du i emneomtalane.

Undervisninga blir gitt gjennom samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag. To av samlingane er obligatoriske.

Oppstart haust

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
NO113S Tekst og struktur 15,00 O 15  
NO112S Språket som kultur 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Oppstart vår

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
NO112S Språket som kultur 15,00 O   15
NO113S Tekst og struktur 15,00 O 15  
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Det er ikkje praksis knytt til studiet.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Den eine eksamensoppgåva skal skrivast på bokmål, den andre på nynorsk.

Studiet vert også tilbydd som nettstudium med avgift (kr. 3000 pr. emne).

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Kari Garshol Welle, kw@hivolda.no, 70 07 53 08

Studieprogramkode

NOR2V

Avdeling

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning (AHL)


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon