Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Språk og litteratur

Engelsk studieprogramnamn

Bachelor in language and literature

Studietype

Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

180

Studielengd

6

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Studieprogrammet tilbyr utdanning i språk og litteratur frå dei nordiske og engelske språkområda, og gjev innsyn i språk og kultur frå notid og fortid. Studenten kan velje å leggje mest vekt på norsk (nordisk) eller engelsk, og har høve til å fordjupe seg i språklege, litterære eller didaktiske tema.

Studieprogrammet har ulike kompetansemål alt etter dei emnevala studenten gjer. Bachelorgraden i Språk og litteratur gir, saman med praktisk-pedagogisk utdanning, undervisningskompetanse i skuleverket. Dei som skal undervise i skulefaga norsk og engelsk må ha eit minimum av både litterære og språklege emne. For å få opptak på praktisk-pedagogisk utdanning (PPU) er det naudsynt med 90 + 60 studiepoeng i to ulike undervisningsfag. Programmet kvalifiserer for arbeidslivet elles der ein treng språk- og/eller tekst- og kulturkompetanse. Dette gjeld mellom anna informasjonsarbeid, arbeid i presse, forlag, bibliotek og arkiv samt arbeid på internasjonalt og tverrkulturelt nivå.

Med spesialisering innanfor nordisk kvalifiserer studiet for opptak til masterstudiet i nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda og andre relevante masterstudium ved høgskular og universitet i Noreg og i utlandet. Med fordjuping i engelsk kvalifiserer studiet for relevante masterstudium i Noreg eller i utlandet.

Læringsutbytte

* Studenten skal ha kunnskap om språket, litteraturen og kulturen i det nordiske og/eller engelskspråklege området.

* Studenten skal ha forståing for sentrale metodar i språk- og litteraturforsking.

* Studenten skal kunne analysere språklege og litterære uttrykk på ein sjølvstendig og kritisk måte.

* Studenten skal kunne utforme faglege tekstar på norsk og/eller engelsk språk.

Fagleg oppbygging

Ex fac er obligatorisk i Bachelorgraden i språk og litteratur, og vert tilbydd i haustsemesteret. Det er tilrådd å ta emnet i 1. semester, men studenten kan velje om han/ho vil ta emnet i 3., eller 5. semester i staden.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
HUM101 Humanistisk innføringsemne 15,00 O 15          
NO113S Tekst og struktur 15,00 O 15   15      
NO112S Språket som kultur 15,00 O   15        
NO111S Språket som struktur 15,00 O 15   15      
NO114S Tekst og kultur 15,00 O   15        
NO201 Nynorsk skriftkultur 15,00 V         15  
NO205 Talemål i endring 15,00 V       15   15
NO203 Livshistorier: biografi og roman 15,00 V         15  
NO204 Litteratur og sjukdom








15,00 V       15   15
NO211 Bacheloroppgåve / individuell oppgåve
i norsk (nordisk) språk
15,00 V         15 15
NO213 Bacheloroppgåve/individuell oppgåve i
norsk (nordisk) litteratur



15,00 V         15 15
ENG111 Fonetikk 10,00 V     10   10  
ENG113LIT Litteratur etter 1900 10,00 V     10   10  
ENG113CIV Amerikansk kultur 5,00 V     5   5  
ENG115B Omsetjing 5,00 V     5   5  
ENG114 Grammatikk 10,00 V       10   10
ENG116LIT Litteratur før 1900 10,00 V       10   10
ENG112B Variantar av engelsk 5,00 V       5   5
ENG116CIV Britisk kultur 5,00 V       5   5
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
HUM101 Humanistisk innføringsemne 15,00 O 15          
ENG111 Fonetikk 10,00 O     10      
ENG113CIV Amerikansk kultur 5,00 O     5      
ENG113LIT Litteratur etter 1900 10,00 O 10          
ENG114 Grammatikk 10,00 O   10        
ENG116CIV Britisk kultur 5,00 O   5        
ENG116LIT Litteratur før 1900 10,00 O   10        
ENG112B Variantar av engelsk 5,00 O   5        
ENG115B Omsetjing 5,00 O 5          
ENG201 Omsetjing: Teori og praksis 15,00 V         15  
ENG202 Skrivedidaktikk for engelskundervisninga 15,00 V         15  
ENG203 Litteratur og film 15,00 V       15   15
ENG204 Science fiction i det 20. hundreåret 15,00 V       15   15
ENG213 Bacheloroppgåve - litteratur. 15,00 O         15 15
ENG211 Bacheloroppgåve - språk 15,00 O         15 15
NO111S Språket som struktur 15,00 V     15   15  
NO112S Språket som kultur 15,00 V       15   15
NO113S Tekst og struktur 15,00 V     15   15  
NO114S Tekst og kultur 15,00 V       15   15
ENG112A Didaktikk/metodikk 1 5,00 V     5   5  
ENG115A Didaktikk/metodikk 2 5,00 V       5   5
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Kjetil Myskja, tlf. 70 07 50 78, km@hivolda.no

Studieprogramkode

SPLBV

Avdeling

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

– har alltid hatt interesse for norsk og engelsk

Etter eit årsstudium i engelsk hadde eg funne meg godt til rette i Volda og valde derfor å søkje meg inn på bachelorstudiet i språk og litteratur. Grunnen til at eg valde akkurat denne vegen, er at eg alltid har hatt interesse for norsk og engelsk, så det var eit naturleg val for meg. Volda er ein flott studieplass, og det er lett å kome i kontakt med medstudentane. Studentmiljøet er godt og mangfaldig, og lærarane er dyktige og ressurssterke. Planen min vidare er å etter kvart ta ei mastergrad, for så å bli lærar i den vidaregåande skulen.

Guro Tafjord, bachelor i språk og litteratur.