Studieprogramnamn
Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar (NUS)Studietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 studiepoengStudielengd
2 semesterOpptakskrav
Søkjaren må fylle dei allmenne opptakskrava som gjeld ved opptak til universitet og høgskular i Norge. For somme land inneber dette vidaregåande skule og 1-2 års universitetsutdanning. Det blir ikkje kravd TOEFL-test i engelsk, men søkjaren må kunne dokumentere engelskkunnskapar på minst same nivå.Innleiing
Studiet legg vekt på å gje deg gode allmennkunnskapar i norsk språk, samstundes som du får kunnskapar om det norske samfunnet. Du skal gjennom studiet bli skikka til å vere student i Noreg. Då må du kunne lese og forstå tekstar frå vår tid i ulike sjangrar og kunne forstå førelesingane på norsk og ta førelesingsnotat. Du skal også kunne uttale norsk rimeleg korrekt og skal kunne samtale om daglegdagse emne. Å uttrykkje seg skriftleg på norsk med tilfredstillande morfologi, syntaks og vokabular er også eit mål.
Undervisning i samfunnskunnskap skal gje deg den allmenne orienteringa du treng for å ta fagstudium seinare. Du skal også få kunnskap om korleis det norske samfunnet er bygd opp, og korleis nordmenn lever.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten har
- grunnleggande kunnskap om lydsystemet i norsk talespråk
- tilstrekkeleg kunnskap om ordtilfanget, dei grammatiske strukturane i det norske språket (bokmål) som syntaks, morfologi, ortografi, tekstgrammatikk og ideomatikk
- kunnskap om korleis ein skriv fagtekstar på norsk
- kunnskap som gjeld viktige sider ved norsk geografi, og ved styreform, utdanningssystem, næringsliv og velferd i det moderne norske samfunnet
- kjennskap til norsk bistands- og utanrikspolitikk
- kunnskap om viktige periodar i den norske historia
- kjennskap til språkhistorie, nynorsk og dei norske dialektane
- kjennskap til særtrekk ved periodar i norsk litteratur- og kunsthistorie og til sentrale norske forfattarar, kunstnarar og deira verk
- nok kunnskap til å finne seg til rette i det norske samfunnet.
Ferdigheiter
Studenten kan
- lese og forstå tekstar frå vår tid, skjønnlitteratur, sakprosa og fagprosa
- forstå førelesingar på norsk og kunne ta førelesingsnotat
- samtale på norsk rimeleg korrekt og med rett intonasjon
- uttrykkje seg skriftleg på norsk med tilfredstillande morfologi, syntaks og vokabular
- bruke språkkunnskapen til å skrive fagtekstar på norsk
- reflektere over særtrekk ved det norske samfunnet
Generell kompetanse
Studenten har tilstrekkeleg kunnskap og dugleik i norsk språk og samfunnskunnskap til å kunne studere ved norske høgskular og universitet.
Fagleg oppbygging
Dette studiet er eit undervisningsintensivt heiltidsstudium over to semester. Det er krav om obligatorisk frammøte. Studiet er samla om to fagområde: norsk språk og norsk samfunnskunnskap. Under studiet skal desse fagområda mest mogleg sjåast i samanheng.
I første delen av kurset blir hovudvekta lagd på fonetikk og grammatikk. Du får øving i å forstå talt norsk og lese lettare tekstar. Seinare blir det lagt meir vekt på ordkunnskap og på skriftleg bruk av språket. Hovudvekta blir lagd på norsk språk, særleg praktisk språkdugleik. Arbeidsmåtane varierer mellom førelesingar, gruppearbeid, øvingar på språklaboratorium og skriftlege oppgåver.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| NUS111 |
Norsk språk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar |
60,00 | O | 60 | |||||
| Sum: | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
Praksis
Det er ikkje knytt praksis til studietAnna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det er obligatorisk frammøte til studiet.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Hilde Osdal, 70075142, hilde.osdal@hivolda.noStudieprogramkode
NUSAvdeling
Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

