Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Engelsk 2

Engelsk studieprogramnamn

English Second Half Year Course

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 stp

Studielengd

2 semester

Opptakskrav

Engelsk 1

Innleiing

Studiet er påbygning til Engelsk 1, og samanlagt svarar dei til engelsk årsstudium i pensum og omfang. Halvårsstudia er laga for studentar i allmennlærarutdanninga, og for lærarar i arbeid som har Engelsk 1 frå før.

Læringsutbytte

Studenten har kunnskap om vokabular, struktur og funksjon i engelsk språk.

Studenten har kunnskap om kultur, samfunn og litteratur i land der engelsk er hovudspråk.

Studenten har kunnskap om normer for akademisk tekstproduksjon og ansvarleg kjeldebruk, og om stilnivå og kulturelle konvensjonar for å tilpasse språkbruk til ulike situasjonar.

Studenten kan analysere engelske språkstrukturar.

Studenten har evne til å bruke engelsk sikkert og funksjonelt, skriftleg og munnleg.

Studenten kan tolke kulturelle og samfunnsmessige fenomen og tekstar frå engelskspråklege land.

Studenten kan nytte fagstoffet til å skaffe seg større innsikt på dei ulike områda innanfor faget, og kommunisere på engelsk i ulike samanhangar.

Fagleg oppbygging

Studiet er sett saman av eit emne kvart semester, ENG119 om hausten, og ENG120 om våren. Begge emna består av ein kombinasjon av ulike disiplinar.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
ENG119 Engelsk 2: Litteratur, språk og kultur 15,00 O 15  
ENG120 Engelsk 2: Litteratur og språk 15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Marie Nedregotten Sørbø, 70 07 50 47, mns@hivolda.no

Studieprogramkode

ENG2V

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon