Studieprogramnamn
EngelskEngelsk studieprogramnamn
English specializationStudietype
FordjupingsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30Studielengd
1 (heiltid) eller 2 (deltid) semesterOpptakskrav
Årsstudium (60 stp.) i engelsk eller tilsvarande.Innleiing
Der årsstudiet gir ei brei innføring, skal engelsk fordjupingstudium gi høve til konsentrasjon om eitt eller få avgrensa område innanfor faget. Det blir tilbode undervisning innanfor eit utval språklege og litterære emne.
Studiet kan utgjere fordjupingskomponenten i ulike bachelorgrader, og kan nyttast som grunnlag for masterstudium ved universitet og høgskular. Studiet gir også relevant kompetanse for engelsklærarar i skulen, saman med lærarutdanning eller PPU.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Studenten har kunnskap om eitt eller to utvalde fagfelt innanfor engelsk språk og/eller litteratur.
Studenten har kunnskap om viktige teoriar og problemstillingar innanfor fagfeltet.
Ferdigheiter:
Studenten kan tolke språklege/litterære uttrykk på ein kritisk måte.
Studenten kan gi ein akademisk, munnleg presentasjon av fagstoff på engelsk.
Studenten kan skrive sjølvstendige, faglege tekstar på engelsk, og justere desse etter rettleiing.
Studenten kan analysere kritiske tilnærmingar til språk og/eller litteratur.
Generell kompetanse:
Studenten kan gå i djupna på eit fagfelt og tileigne seg ny kunnskap på ein sjølvstendig måte.
Fagleg oppbygging
Studiet er bygd opp av to 200-emne, kvar på 15 stp. Dette kan vere to underviste emne i språk (ENG201/202) og litteratur (ENG203/ 204), eller eit undervist emne kombinert med eit oppgåveemne (sjå emneplan for ENG211 og 213). Nokre bachelorprogram krev at det eine emnet skal vere oppgåve.
Det vil bli undervist i eitt emne kvart semester, språklege emne om hausten og litterære om våren. Hausten 2011 er det språklege emnet ENG201 Translation, og våren 2012 er det litterære emnet ENG204 Science Fiction.
Oppgåveemnet bygger alltid på eit undervist emne. Fulltidsstudentar kan ta begge same semester, medan deltidsstudentar kan ta oppåveemnet t.d. semesteret etter det underviste.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| ENG201 | Omsetjing: Teori og praksis | 15,00 | V | 15 | |
| ENG202 | Skrivedidaktikk for engelskundervisninga | 15,00 | V | 15 | |
| ENG203 | Litteratur og film | 15,00 | V | 15 | |
| ENG204 | Science fiction i det 20. hundreåret | 15,00 | V | 15 | |
| ENG211 | Bacheloroppgåve - språk | 15,00 | V | 15 | 15 |
| ENG213 | Bacheloroppgåve - litteratur. | 15,00 | V | 15 | 15 |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Vibeke Jensen, tlf.: 7007 5436, e-post: vjensen@hivolda.noStudieprogramkode
ENG3Avdeling
AHL<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

