Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Examen philosophicum

Engelsk studieprogramnamn

Examen philosophicum

Studietype

Delstudium

Studiepoeng (ETCS)

10 stp

Studielengd

1

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Fagstoffet er fordelt på tre delar. Den første er på fem stp og omfattar filosofi- og vitskapshistorie. Den andre er på tre stp og omfattar allmenn moralfilosofi. Den tredje, på 2 stp, dreier seg om generell vitskapsfilosofi.

Del 1: Filosofi- og vitskapshistorie (5 stp)

Delen gjev eit oversyn over filosofi- og vitskapshistoria frå oldtida til i dag med særleg konsentrasjon om oldtidsfilosofien og nyare tid frå og med Descartes.

Del 2: Etikk (3 stp)

Delen skal gje eit oversyn over grunnleggjande problem og teoriar innan moralfilosofien.

Del 3 Vitskapsfilosofi (2 stp)

Delen skal gje eit oversyn over nokre grunnleggjande problem og teoriar innan vitskapsfilosofien. Hovudvekta ligg på utviklinga på 1900-talet.

Læringsutbytte

Etter enda studium skal studenten

  • ha kjennskap til kva dei sentrale filosofiske spørsmåla dreier seg om.
  • ha kjennskap til korleis nokre sentrale filosofar har drøfta og svara på desse spørsmåla til ulike tider.
  • ha særleg innsikt i ulike kunnskapsteoriar og kvar dei viktigaste filosofane plasserer seg kunnskapsteoretisk.
  • ha tileigna seg innsikt i grunnleggande vitskapelege tenkemåtar og metodar og til ei viss grad kunne applisere desse på ulike fagstudium.
  • ha tileigna seg innsikt i grunnleggane omgrep, teoriar og tenking innan allmenn etikk.
  • ha utvikla evne til sjølvstendig refleksjon omkring både filosofiske, viskapsteoretiske og grunnlagsetiske spørsmål – som vil kunne vere til nytte i ulike fagstudium, for eiga tenking kring eksistensielle spørsmål, og for utfordringar framtidige yrke kan kome til å byde på.

Fagleg oppbygging

Dette studieprogrammet inneheld berre eitt emne, EXP100AVG.

Emnet er organisert som eit nettstudium. Undervisinga har form av leksjonar på Fronter, utveksling av spørsmål og synspunkt i diskusjonsforum på Fronter, skriving av tre minioppgåver, og kommunikasjon med lærar på e-post.

Det vert utarbeidd detaljert ein plan/kalender over nettundervisninga med tidspunkt for utsending av leksjonar og fristar for innlevering av minioppgåvene.

I løpet av semesteret skal kvar student skrive tre minioppgåver – ei i filosofihistorie, ei i etikk og ei i vitskapsfilosofi. Oppgåvene skal ha ein storleik på ca. 5500 teikn utan mellomrom (ca. 1000 ord) og skal leverast i Fronter innan oppgjevne tidsfristar.

Lærar kommenterer og vurderer dei tre oppgåvene. Oppgåvene må vere godkjende før ein kan ta eksamen.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
EXP100-AVG Examen philosophicum 10,00 O 10 10
Sum: 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Arne Redse, 70075149, arne.redse@hivolda.no

Studieprogramkode

EXPHIL-AVG

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon