Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Førskulelærarutdanning

Engelsk studieprogramnamn

Bachelor of Early Childhood Education

Studietype

Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

180 studiepoeng

Studielengd

6

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Studieplanen byggjer på Rammeplan for førskulelærarutdanninga med forskrift fastsett 3.april 2003 av utdannings- og forskingsdepartementet med heimel i Lov om universitet og høgskoler av 1. januar 2003. Førskulelærarutdanninga har som si primæroppgåve å skape forståing og innsikt hos studenten i kva det vil seie å vere kompetent i møte med barn i barnehagen. Studiet bygger på forskingsbasert kunnskap og er samstundes yrkesretta og praksisnært. Det tek utgangspunkt i førskulelæraren sine arbeidsområde, og i gjeldande planar og lovverk
Utdanninga kvalifiserer for pedagogisk arbeid i barnehage og med barn på tilsvarande alderssteg i andre institusjonar. Studiet gir bachelorgrad og grunnlag for opptak til mastergradsstudium. Dette gjeld mastergradsstudium som er spesielt utvikla med tanke på profesjonsretting og som gir kompetanse for pedagogiske oppgåver innan ulike yrkesområde. Studiet gir òg grunnlag for 60 studiepoeng vidareutdanning innretta på undervisning på småskulesteget 1. - 4. klasse

Læringsutbytte

Gjennom studiet skal studentane utvikle:

- Fagleg kompetanse:
Kunnskap om barn, barndom og pedagogisk arbeid med små barn. Kunnskap om teoriar og arbeidsformer på tvers av fag.

- Didaktisk kompetanse:
Evne til å vurdere, planlegge og vurdere for læring og danning. Evne til å vurdere, planlegge og vurdere for førebyggande tiltak og gi tilpassa opplæring for barn med og utan særskilde behov.

- Sosial kompetanse:
Forståing for og evne til nært samarbeid mellom barnehage, heim og andre samarbeidspartar. Forståing for verdien av eit inkluderande omsorgs- og læringsmiljø for barn.

- Endrings-og utviklingskompetanse:
Kunnskap og dugleik i leiing, samarbeid og pedagogisk rettleiing. Evne til å vurdere organisasjonsutvikling og samfunnsendringar som har innverknad på barnehagen, og evne til å initiere og takle endringsprosessar, og til å prege utviklinga i barnehagen.

- Yrkesetisk kompetanse:
Evne til å reflektere over institusjonen sitt verdigrunnlag, over eigne verdiar, haldningar, veremåte og etiske utfordringar i yrket.

Fagleg oppbygging

Førskulelærarutdanninga er eit 3 - årig bachelorgradsstudium på 180 studiepoeng.
Utdanninga omfattar ein obligatorisk del på 150 studiepoeng med stor fagleg breidde, og ein valfri del på 30 studiepoeng. Dei 150 studiepoenga fordelar seg slik på fag og år:

NB! Emneplanane som ligg i 2. og 3.studieåret kan bli reviderte/endra i samband med den årlege gjennomgangen av studie- og emneplanar.

Faget pedagogikk inngår i alle tre åra, med avsluttande emne for kvar år. Emne 1 og 2 byggjer på kvarandre og må takast i den rekkjefølgja. Pedagogikk og samfunnsfag i 3. året kan organiserast i nært samarbeid og med fleire tverrfaglege komponentar i emna. I dette emnet kan det bli lagt inn eit feltarbeid, og vil vi prøve å leggje til rette for at studentane kan gjere dette i utlandet.
Den valfrie delen er ei fordjuping i eit fag eller fagområde som har relevans for arbeidet i barnehagen og kan vere ei påbygging av eit eller fleire fag i utdanninga. Fordjupingsfaget ligg i det 3.studieåret. Emne/emneområde som kan veljast kan variere frå år til år. Aktuelle emne kan vere: Organisasjon og leiing, Utefag(tverrfagleg med fysisk fostring og Naturfag med miljølære), Estetiske fag(tverrfaglig med drama, forming og musikk), Religion, livssyn og etikk.

Dei ulike emna i førskulelærarutdanninga vil på ulike måtar relatere undervisninga til Lov om Barnehagar og Rammeplan for barnehagens innhald og oppgåver (KD2006). Denne rammeplanen er pensum i alle emne.

Ut frå tanken om konsentrasjon og fordjuping er delar av studiet organisert i temablokker der emne med felles faglege komponentar er inne i same blokk. Årsplanar og eigne blokkplanar gir nærare informasjon om tema og pensum. Utdanninga legg vekt på studentaktive læringsformer og læring i eit sosialt samspel. Ein del av undervisninga blir difor organisert i basisgrupper på 4 - 5 studentar. Desse gruppene fungerer som arena for drøfting av felles oppgåver og framlegging/respons på individuelle arbeid. Undervisning i plenum vert brukt til gjennomgang av fellesstoff. Høgskulen i Volda brukar Fronter som sitt læringsverkty. Det blir ved oppstart gitt opplæring i dette. IKT vert brukt både som hjelpemiddel og læringsarena i undervisninga. Dei ulike emna nyttar ulike dokumentasjons- og arbeidsformer.

Første studieåret vert det lagt opp til eit tverrfagleg innføringskurs i akademisk skriving, der faga første året samt norsk er involvert. Kurset er obligatorisk. Alle klassane får innføring i kjeldebruk og korleis nytte litteratur i akademisk skriving. Eigne retningsliner er utarbeidd og ligg i klassene sine rom i Fronter.

Emnetabell:

1. studieår øverst (Kull 2011), 2.studieår i midten (Kull 2010) og 3.studieår nederst (Kull 2009):

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
FLUFOR Forming 10,00 O 5 5
FLUFYF Fysisk fostring 10,00 O 5 5
FLURLE Religion, livssyn og etikk 10,00 O 5 5
FLUMUS Musikk 10,00 O 5 5
FLUPED1 Pedagogikk 1 15,00 O 7,5 7,5
Sum: 27,5 27,5
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
FLUDRA Drama 10,00 O     5 5
FLUMAT Matematikk 10,00 O     5 5
FLUNAT Naturfag med miljølære 15,00 O     7,5 7,5
FLUNOR Norsk 15,00 O     7,5 7,5
FLUPED2 Pedagogikk 2 15,00 O     7,5 7,5
Sum: 0 0 32,5 32,5
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
FLUPEDSAM1 Pedagogikk og samfunnsfag 1 - Barn og
samfunn.
15,00 O         15  
FLUPEDSAM2 Pedagogikk og samfunnsfag 2 - Ulike
perspektiv på barndom.
15,00 O           15
IFL107 Utefag I 15,00 V         15  
IFL108 Utefag II 15,00 V           15
FLUFORG Organisasjon og leiing i barnehagen 30,00 V         15 15
EST101 Estetiske fag 1 - Førskulelæraren som
kulturformidlar
15,00 V         15  
EST102 Estetiske fag 2 - Barnehagen som arena
for estetiske læringsprosessar
15,00 V           15
Sum: 0 0 0 0 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Praksis har eit samla omfang på 20 veker. Av desse er minimum 18 veker barnehagepraksis og inntil 2 veker grunnskulepraksis. Barnehagepraksis vert lagd til høgskulen sine praksisbarnehagar. Grunnskulepraksis ligg 2. studieår.
Målet er at studentane skal utvikle seg til kyndige og dyktige førskulelærarar. Dette skjer mellom anna ved at ein i praksis arbeider med å knyte saman teori og praksis og gjennom drøftingar omkring forholdet mellom teori og praksis kan studenten utvikle evne til refleksjon. Slik skal studenten byggje opp evne til kritisk forståing og utvikle ei spørjande og analytisk haldning til arbeidet i barnehagen. Studentane skal i praksis få erfaring med å samhandle med enkeltbarn og grupper av barn i ulik alder, bakgrunn og føresetnader. Dei skal få erfaring med å vere leiarar både for barn og vaksne.

Høgskulen har avtalar med eigarar av barnehagane om gjennomføring av praksisopplæringa. Praksisbarnehagen har saman med fagmiljøa og leiinga for førskulelærarutdanninga på høgskulen ansvar for å legge til rette praksisopplæringa. Heile barnehagen er praksisarena for studentane. Styrar har det overordna ansvar for praksisopplæringa og øvingslærar har hovudansvar for rettleiing av studentane.
Praksisopplæringa er ein integrert del av heile utdanninga og difor ein viktig del av dei einskilde faga i utdanninga. Alle fag/emne skal knytast opp til praksisfeltet og praksisopplæringa Kunnskapen skal utviklast i samspel mellom praksisfeltet og høgskulen, og dei ulike emneplanane skildrar korleis praksis vert trekt inn i faget. Pedagogikkfaget har det overordna ansvar for heilskap og yrkesretting i utdanninga og har ei særskild fagleg kopling til praksisopplæringa. Samanheng mellom teori og praksis er viktig i utdanninga. Praksislærarane har det overordna ansvaret for rettleiing og vurdering i praksis, men gjer dette i samhandling med den faglæraren som er studenten sin basisgruppeleiar. Slik er alle fag/emne ansvarlege for å følgje opp studenten i praksis og vidare inn i utdanningssamtalar. Utdanningssamtalane tek slik på ein særskild måte studenten sine erfaringar frå praksisfeltet inn som ein ressurs i arbeidet med faga.
Praksislærar skal gje kvar student munnleg og skriftleg rettleiande vurdering av arbeidet undervegs. Studenten skal vurderast etter fullført praksisopplæring kvart studieår, der karakteruttrykket er stått / ikkje stått. Praksislærar har hovudansvar, men i situasjonar der det oppstår tvil, skal vurderinga skje i samråd med studieleiar og praksisgruppeleiar. Studentar som syner manglar i forhold til å meistre yrket, må så tidleg som mogleg få vite korleis dei står i forhold til krava til skikkavurdering. Jmf. eiga forskrift for skikkavurdering.

Vilkår for å gå ut i praksis:
1. Godkjend frammøte til all praksisførebuing
2. Godkjende krav frå føregåande praksis

Vilkår for å flytte opp i neste årssteg:
Stått praksis frå året før

Dersom ein student får karakteren "Ikkje stått" i praksis, har ho/han høve til å gjennomføre eitt nytt forsøk, dette vert forsøkt gjenomført så snart som råd. Studenten får særskild rettleiing av ein annan praksislærar på dei områda der ho/han har vist manglar. Får studenten "Ikkje stått" også denne gongen, må ho/han avbryte studiet.
Viser til meir utfyllande informasjon om praksis i eigen plan for praksisopplæringa som vert utarbeidd for kvart studieår. Arbeidskrav knytt til praksis vert også presisert i dei tre praksisplanane. Det er utarbeidd ein retningsgjevande praksisplan for kvart årssteg for felles bruk for både faglærar, praksisbarnehagen og studentane. Praksisplanen vert utarbeidd med ei temaoverbygning, men med fleirfaglege perspektiv. Faglærarane er saman om å førebu studentane til praksisperiodane, arbeide ut praksisoppgåver, delta på rettleiing og fagmøte ute i barnehagane og å oppsummere og legge til rette for refleksjon i ettertid. Nærare informasjon om karaktergrunnlaget i eigen praksisplan.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Det blir forventa at studentane møter opp til undervisning og at dei er tilgjengelege for medstudentar i samband med basisgruppearbeid, også utanom den timeplanlagde studietida. Det er obligatorisk frammøte i alle emne for all førebuing og etterarbeid til praksis. Nokre emne har heilt eller delvis obligatorisk frammøte. Meir i den einskilde emneplanen om dette. Viser òg til HVO si Forskrift om studium og eksamen http://www.lovdata.no/for/sf/kd/kd-20090305-0289.html

Nokre fag legg delar av undervisninga til miljø utanfor høgskulen og studentane må difor rekne med kostnader til slike ekskursjonar. Elles må studentane betale ei material - og verkstadavgift i forming (sjå emneplan for forming).

Å vera skikka som førskulelærar
Utdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om ein student er skikka for yrket. Skikkavurdering legg ei heilskapeleg vurdering av studenten til grunn. Denne omfattar faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Utskriving av vitnemål for fullført utdanning føreset at studenten er vurdert skikka for yrket. Høgskulen har eige reglement for dette. Det er krav om politiattest ved studiestart.

For å kunne framstille seg til eksamen må studenten ha gjennomført og fått godkjende alle arbeidskrav. Slike er gjort greie for i den einskilde emneplanen, og kan vere:
- obligatoriske faglege oppgåver
- obligatorisk frammøte og deltaking

Arbeidskrav
Det er berre to forsøk på obligatoriske arbeidskrav og interne prøver. Dette vert praktisert i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda . Alle arbeidskrav har vurderingsuttrykk godkjent/ikkje godkjent.
Emna har ulike og varierte eksamensformer. Alle emne har ein karakter på vitnemålet. Nærare opplysningar om grunnlaget for karakteren finn du i den einskilde emneplanen.
Studentar som søkjer innpassing av fag vert vurdert etter gjeldande retningsliner.

Evaluering og kvalitetssikring

Tiltak for å sikre og utvikle kvalitet i studiet:

Individuelle utdanningsplanar med påfølgjande utdanningssamtalar leia av basisgruppeleiar.
- Fast studentrepresentasjon (tillitsvalde) i årsstegsgruppene der evaluering av studiet er tema. - Fast representasjon frå praksisbarnehagane i årsstegsgruppene for vidareutvikling og samspel mellom dei to læringsarenaene
- Faggrupper for studiekvalitet knytt til kvart emne (jfr. Eigne retningsliner).
- Rettleiing og oppfølging i fag og praksis v/ basisgruppeleiar.
- Årlege eller semestervise digitale spørjeskjema knytt til studium og emne.
- Faste møte mellom tillitsvalde og studieleiar
- Semestervise møte mellom barnehagestyrarane i praksisbarnehagane og leiinga av førskulelærarutdanninga

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssytem.

Studieprogramansvarleg

Elisabeth Welle, Tlf. 70075450, Elisabeth.welle@hivolda.no

Studieprogramkode

FLUBV

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

- helt greit å være en av få menn

Jeg valgte førskolelærerutdanning fordi jeg har jobbet ett år i barnehage og trivdes i høy grad med det. Jeg er også svært opptatt av å få flere menn til barnehagen, noe som jeg naturlig nok kan bidra med. Mange nyutdannede førskolelærere velger andre yrker enn barnehage, men jeg tar utdannelsen fordi jeg ønsker å jobbe med barn i barnehagen. Vi har en del praktiske fag i studiet som gjør studiemiljøet svært sosialt. Det er helt greit å være en av få menn i barnehagen – da føler man seg ekstra godt tatt vare på!

Rune Eliassen, bachelor i førskolelærerutdanning.

 

 

Vegen vidare

Vidareutdanning

Mastergrad