Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Spesialpedagogikk

Engelsk studieprogramnamn

Special Education

Studietype

Vidareutdanning på masternivå

Studiepoeng (ETCS)

60

Studielengd

2 semester fulltid, 4 semester deltid

Opptakskrav

Vi følgjer krava til opptak på mastergradsstudiet. Sjå forskrift om opptak til Høgskulen i Volda, datert 5. mars 2008, § 13, her:
http://www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20090305-0288.html

Innleiing

Studiet i spesialpedagogikk har som utgangspunkt at all opplæring i barnehage og skule skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak.

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta

Læringsutbytte

Kunnskap

Studenten

  • har kunnskapar om sentrale overordna spørsmål i det spesialpedagogiske feltet
  • har kunnskapar om inkludering som opplæringsperspektiv
  • har kunnskapar om føresetnader for læring og utvikling i mangfaldet av barn, unge og vaksne
  • har kunnskapar om forskingsmessig tilnærming til fagfeltet

Ferdigheit

Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle for å sikre best mogleg utbyte for den enkelte

Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa
  • kan grunngje demokratisk haldning og handling som nødvendig grunnlag for inkludering

Fagleg oppbygging

a. Studiet er delt inn i fire emne. SPESPED301: Overordna perspektiv på inkludering (15 stp), SPESPED302: Utvikling og læring (15 stp), SPESPED303: Språk- og leseutvikling (15 stp), SPESPED304: Leiing og åtferd (15 stp). Det er ein føresetnad at studentane byrjar med emne SPESPED301, ein kan eventuelt ta dette parallelt med andre emne. Innhaldet i emna blir presenterte seinare i dokumentet (sjå emnetabellane).

b. NB! Emneplanane som ligg i 2.studieåret i deltidsstudiet kan bli reviderte/ endra i samband med den årlege gjennomgangen av studie- og emneplanar. Dette kan også gjelde t.d. arbeidskrav og eksamensordning.

c. Etter individuell vurdering er det mogleg å nytte godkjende emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk etter tidlegare ordningar eller med anna relevant utdanning kan også søkje om innpassing i studiet. Ut frå ei vurdering av den faktiske kompetansen til kvar einskild søkjar vil det bli gjeve fritak frå enkelte emne, eventuelt kombinert med arbeidskrav som må fyllast for å supplere opptaksgrunnlaget.

Emnetabellar, heiltidsstudiet øverst og deltidsstudiet nederst:

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
SPESPED301 Overordna perspektiv på inkludering i
barnehage og skule
15,00 O 15  
SPESPED302 Utvikling og læring i barnehage og
skule
15,00 O   15
SPESPED303 Språk- og leseutvikling 15,00 O 15  
SPESPED304 Leiing og åtferd 15,00 O   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
SPESPED301 Overordna perspektiv på inkludering i
barnehage og skule
15,00 O 15      
SPESPED302 Utvikling og læring i barnehage og
skule
15,00 O   15    
SPESPED303 Språk- og leseutvikling 15,00 O     15  
SPESPED304 Leiing og åtferd 15,00 O       15
Sum: 15 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Kvart av emna i vidareutdanninga går over eit semester, og med i alt fem samlingar i Volda for kvart av dei.

Evaluering og kvalitetssikring

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det er ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter.
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar:
- samlingsevalueringar
- sluttevaluering
- møte i fagutvalet for studiekvalitet
- tilbakemelding frå sensor

Studieprogramansvarleg

Lidveig Bøe Tlf. 70075275 lidveig.boe@hivolda.no og Grete D. Berg Tlf. 70075355 greted.berg@hivolda.no

Studieprogramkode

SPPVID

Avdeling

Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Rebekka Wilhelmsen Solheim – spesialpedagogisk rådgjevar ved PPT:

Eg valde mastergrad i spesialpedagogikk fordi eg som nyutdanna lærar hadde lite kunnskap om spesialpedagogikk. Med ønske om vidare utdanning søkte eg spesialkompetanse innanfor dette feltet. Eg har alltid vore oppteken av korleis ein kan leggje til rette og tilpasse opplæringa for alle dei ulike elevane ein møter i ei klasse, og har sett utfordringane i praksis gjennom arbeid i skulen på ulike klassetrinn.

Mastergradsstudiet passa godt til mine interesser. Eg hadde høyrt mykje positivt om utdanninga, og opplegget femna om fleire fagområde. Det at studiet er variert, var avgjerande for at eg valde nettopp Volda som studiestad.