Studieprogramnamn
Praktisk pedagogisk utdanning, heiltid, Kull 2011/12Engelsk studieprogramnamn
Professional Teacher QualificationStudietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 stpStudielengd
2 semesterOpptakskrav
Studiet byggjer på generell studiekompetanse og fullført fagutdanning frå universitet, høgskule eller andre institusjonar etter følgjande mønster:Anten:
Bachelor (3 år) eller 180 stp der minst to av faga er skulefag med minimum 60 stp kvar.
Bachelor (3 år) + Master (2 år). Dei med mastergrad treng kun eitt skulerelevant fag.
Eller:
Dette gjeld for opptak til PPU yrkesfag:
Fullført fagutdanning etter følgjande mønster: Profesjonsretta utdanning (3 år) + 2 år praksis.
Eller generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført 3-årig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minst 2 år praksis.
Ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning er det krav om å levere politiattest, jf. sentral forskrift 31. januar 2007 nr. 173, Opptak til høyere utdanning, kap. 6.
For nærare reglar for opptak, sjå Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda (www.lovdata.no/cgi-wift/ldles?doc=/sf/sf/sf-20051209-1715.html)
Innleiing
Studieplanen bygger på Rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 03. april 2003 av UDF. Studiet tek utgangspunkt i målområde og kompetanse krav som er skissert i rammeplanen.
Målområda er:
- Læraren og eleven/lærlingen,
- Læraren og organisasjonen
- Læraren og samfunnet
Kompetansekrav :
- Fagleg kompetanse
- Didaktisk kompetanse
- Sosialkompetanse
- Endrings- og utviklingskompetanse
- Yrkesetisk kompetanse
(http://www.regjeringen.no/upload/KD/Vedlegg/UH/Rammeplaner/L%C3%A6rer/2Rammeplan_2003_PPU.pdf)
Praktisk-pedagogisk utdanning er eit yrkesretta, praksisbasert studium. I studiet inngår pedagogikk, fag- eller yrkesdidaktikk og praksis i skule. Studiet legg til rette for at studentane mellom anna kan tilegne seg ferdigheit i å planleggje, gjennomføre og kritisk analysere undervisning, med utgangspunkt i refleksjon over elevane si læring.
I studiet vert det lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor prega av studenten sin eigeninnsats, gjennom sjølvstudie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Arbeid:
Praktisk pedagogisk utdanning – heiltid er ei profesjonsutdanning som kvalifiserar for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for.
Vidare studium:
Studiet kvalifiserar til vidare utdanning fram mot ei mastergrad der både fagstudiet og det praktisk-pedagogiske studiet er retta mot eit framtidig yrke som lærar. Til dømes mastergrad i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.
Læringsutbytte
Gjennom utdanninga skal studentane tilegne seg dette læringsutbytte:
Kunnskap
Studenten
- har kunnskap om skulen si historiske, aktuelle og framtidige rolle som samfunnsinstitusjon og kulturberar og samspelet mellom utvikling av samfunn, fag/yrke og pedagogisk praksis
- har kunnskap om skulen/verksemda sine mål og eigenart som læringsarena og arbeidsplass og utvikling av organiserings- og leiingsformer og den kulturen som ligg til grunn for disse
- har kunnskap om planlegging, gjennomføring og vurdering av opplæring i samsvar med grunnleggjande prinsipp i lov- og regelverk og opplæringsplanar
- har kunnskap om ulike arbeidsmåtar, undervisningsstrategiar og ressursar som fører til differensiering, motivasjon og auka lærelyst
- har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
- har kunnskap om klasseleiing og læringsmiljø og om utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar og andre, til dømes føresette og kollegaer
Ferdigheiter
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og kritisk vurdere undervisning både sjølvstendig og i samarbeid med elevar, kollegaer og andre, i og på tvers av fag, med utgangspunkt i utviklingsbehov og forskings- og erfaringsbasert kunnskap
- kan kartlegge og vurdere eleven sitt utviklingsnivå, kompetanse, interesser, læringsstrategiar og andre læreføresetnadar som grunnlag for individuelt tilpassa opplæring som gjev motivasjon og auka lærelyst
- kan vurdere og dokumentere læringa til elevane og gje læringsfremjande tilbakemeldingar i forhold til vidare utvikling og mål i opplæringa og medverke til at elevane kan vurdere eiga læring
- kan analysere og utvikle sin faglege og fag/yrkesdidaktiske forståing og pedagogiske praksis tilpassa endringar i kompetansebehov i det lokal, nasjonale og internasjonaltsamfunn og arbeidsliv
- kan legge til rette for endrings- og utviklingsarbeid med grunnlag i eige og kolleger sitt lærings- og kompetansebehov i tilknyting til læraryrket og kompetansebehov generelt i skulen som lærande organisasjon
Generell kompetanse
- har eit bevisst forhold til sin funksjon og sitt ansvar som forbilde og rollemodell, og kan bidra til utvikling av god yrkesetisk praksis.
- har kunnskap om samhandling og kommunikasjon med elevar/lærlingar, kollegaer, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og kan bidra til utvikling av det fysiske og sosiale arbeids- og læringsmiljøet i skulen
- har ferdigheit i bruk av IKT til læring og kommunikasjon og kritisk refleksjon rundt bruk av dette i skulen.
- kan leggje til rette for utvikling av kompetanse i entreprenørskap, og for at lokalt og internasjonalt samfunn og arbeidsliv vert involvert i opplæringa
Fagleg oppbygging
Praktisk pedagogisk utdanning skal knytte teori og praksis saman til eit heilskapleg og integrert studium sikta inn mot framtidig yrke som lærar. Prinsippet om yrkesretting av utdanninga krev at det blir lagt til rette for studentaktive arbeidsformer, praksisbaserte oppgåver og vurderingsordningar som ein del av læreprosessen. Bruk av IKT vil vera ein integrert del av studiet, både som hjelpemiddel i eigne studier og i undervisning i skulen
Utdanninga består av:
Pedagogikk (30 stp)
Fagdidaktikk (30 stp). Studentar med allmennfagleg bakgrunn i to eller fleire fag skal gjennomføre to fagdidaktiske kurs (2 x 15 stp). Studentar med berre eitt allmennfag (master eller hovudfag) skal gjennomføre eitt fagdidaktisk kurs i same fag med omfang 30 stp.
Emnetabell:
Praksis
Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Gjennom studiet har studentane tilsvarande 12 veker rettleia praksis.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Obligatorisk frammøte ved:
- undervisning og studentpresentasjonar
- førebuing og etterarbeid i samband med praksis
- praksisgjennomføring
Arbeidskrav
Arbeidskrava er nærare beskrive i emneplanen for dei einskilde emna.
Eksamen
Eksamen er nærare beskriven i emneplanen for dei einskilde emna.
Evaluering og kvalitetssikring
Studeprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Marit N. Dyrstad Tlf. 70075295 dyrstm@hivolda.noStudieprogramkode
PPU-HELAvdeling
AHL<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

