Praktisk-pedagogisk utdanning, påbyggingsstudium
- Studiepoeng/lengd: 60 / 2 semester / 1 år (heiltid) eller 4 semester / 2 år (deltid)
- Opptakskrav:
Praktisk–pedagogisk utdanning er eit påbyggingsstudium. Det betyr at du byggjer PPU på ein allmennfagleg/yrkesfagleg kompetanse du har frå før.
Studentar med allmennfagleg kompetanse vert tekne opp på grunnlag av fullført allmennfagleg universitets- eller høgskuleutdanning av minimum tre års omfang, dvs. minimum 180 studiepoeng. Allmennfagleg kompetanse gjeld i denne samanheng utdanning som kvalifiserer for undervisning i allmennfag i grunnskulen, i vidaregåande opplæring eller i vaksenopplæringa. Skulefaga må vere fag som Høgskulen i Volda tilbyr fagdidaktikk i. Studentar med master- eller bachelorgrad vert prioriterte ved opptak.
Studentar med yrkesfagleg kompetanse vert tekne opp på eitt av følgjande grunnlag:
1. Fullført treårig profesjonsretta universitets- eller høgskuleutdanning og minimum to års yrkespraksis. Profesjonsretta utdanning gjeld i denne samanheng utdanning som kvalifiserer for undervisning på yrkesfaglege studieretningar i vidaregåande opplæring.
2. Generell studiekompetanse og fag-/sveinebrev eller anna fullført treårig yrkesutdanning på vidaregåande nivå, yrkesteoretisk utdanning og minimum to års yrkespraksis. Lengre yrkespraksis og god yrkesteoretisk utdanning kan etter individuell vurdering kompensere for kravet om generell studiekompetanse.
Skulefaga må vere fag som Høgskulen i Volda tilbyr yrkesdidaktikk i. - Søknadsfrist:
- Søknadskode: 4300 PPU - allmennfag, heiltid (utan studieavgift) eller 4303 PPU - yrkesfag, deltid over 4 semester/2 år (med studieavgift på kr 5.000,- pr. semester)
- Kontaktperson:
Marit N. Dyrstad, tlf. 70 07 52 95, marit.dyrstad@hivolda.no
Sjå også: Studieplan for Praktisk-pedagogisk utdanning, påbyggingsstudium (Yrkesutdanning)
Utskriftsvennleg versjon
