Studiehandbok 2011/2012
Studieprogramnamn
Religion, livssyn og etikk - nettstudiumEngelsk studieprogramnamn
Christianity, religions and world viewsStudietype
Delstudium, 30 stp.Studiepoeng (ETCS)
30 studiepoeng (2 x 15 studiepoeng)Studielengd
1 semester (heiltid) – 2 semester (deltid)Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet gir grunnlegjande kunnskapar innafor fagområdet religionar, livssyn, etikk og filosofi og kompetanse til å undervise i RLE i grunnskulen. Studiet kan inngå som del av 60 stp. i RLE og innpassast i ulike bachelorgrader.
Læringsutbytte
Studenten
- har grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi
- har grunnleggjande forståing for kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmenneske og for samfunnet
- kan uttrykkje denne kunnskapen skriftleg
Fagleg oppbygging
Ein kan velje to av fire emne a 15 stp.
- Bibelen tekst og tolking
- Religion og livssyn
- Tru og tradisjon
- Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| REL112N-AVG | Religion og livssyn | 15,00 | V | 15 | |
| REL114N-AVG |
Religions- og livssynsundervisning i eit fleirkulturelt samfunn |
15,00 | V | 15 | |
| REL111N-AVG | Bibelen - tekst og tolking | 15,00 | V | 15 | |
| REL113N-AVG | Tru og tradisjon | 15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Studiet er nettbasert og kommunikasjon mellom student og lærarar, leksjonar, oppgåver og eksamen skjer i Fronter.Studiet er finansiert med studieavgift, kr. 3000 pr. emne.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Yvonne M. Wang 70075083, wangym@hivolda.noStudieprogramkode
KRL30N-AVGAvdeling
AHL<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

