Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Religion, livssyn og etikk - nettstudium

Engelsk studieprogramnamn

Special topics in christianity, religions and world views

Studietype

Fordjupingsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 studiepoeng

Studielengd

1 eller 2 semester

Opptakskrav

Grunnstudium (60 eller 50 stp.) i RLE eller tilsvarande.

Innleiing

I fordjupingsstudiet i RLE kan studenten utdjupe sine kunnskapar innan fagområdet religion, livssyn og etikk. Studiet kvalifiserer til undervisning i RLE i grunnskulen og RE i vidaregåande skule. Kompetanse om det religiøse og livssynsmessige mangfaldet er viktig og etterspurt i fleire yrkessamanhengar, i helsesektoren, i media og i kyrkja.

Læringsutbytte

Studenten

  • har utdjupande kunnskapar innan fagområdet Religion, livssyn og etikk
  • har brei innsikt om korleis religionar og livssyn pregar samfunnet i fortid og i notid
  • har evne til å tileigna seg ny kunnskap innan fagområdet
  • kan formidle kunnskapane på ein god måte skriftleg

Fagleg oppbygging

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
REL212N-AVG Fordjupningsoppgåve i RLE 15,00 O 15 15
REL207N-AVG Livssynsmarknad og livssynsdebatt 15,00 V 15  
REL206N-AVG Spiritualitet før og no 15,00 V   15
Sum: 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Studiet har studieavgift, kr

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Knut-Willy Sæther, 70075340, setherk@hivolda.no

Studieprogramkode

KRL3N-AVG

Avdeling

AHL


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon