Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Fjernsynsreportasje og dokumentar

Engelsk studieprogramnamn

TV-reporting and documentary

Studietype

Vidareutdanning

Studiepoeng (ETCS)

60

Studielengd

2

Opptakskrav

Bachelorgrad i journalistikk eller tilsvarande. Studiet føreset grunnleggjande kunnskapar i journalistikk og fjernsynsproduksjon, og tek primært opp studentar med ein bachelorgrad i journalistikk. Søkjarar med annan bakgrunn vert også vurderte.

Innleiing

Studiet er eit praktisk-teoretisk studium der studentane får kunnskap om arbeidsmåtar og historie innan dokumentar og fjernsynsreportasje. Dei skal bli kjende med ulike teoretiske syn på film/fjernsyn og får høve til å lage produksjonar med rettleiing og evaluering. Opplæringa går føre seg med profesjonelt videoutstyr.

Studiet er nasjonalt kjend, og mange profilerte dokumentarfilmregissørar har teke dette studiet ved Høgskulen i Volda.

Studiet kvalifiserer for arbeid med fjernsynsreportasje og dokumentarprogram. Studentane vert kvalifiserte til sjølvstendig arbeid med faktabaserte produksjonar med utgangspunkt i undersøkande journalistisk metode. Dei fleste som har studert Fjernsynsreportasje og dokumentarfilm ved Høgskulen i Volda, har fått relevante jobbar i tv-bransjen.

Utdanninga legg stor vekt på at studentane gjennomfører eigne produksjonar, og studentane må vere innstilte på produksjonspress og korte fristar. Ein ventar at studentane held seg godt orienterte om aktuelle samfunnsspørsmål. Dei skriftlege arbeida og produksjonane vert utførte både individuelt og i grupper. Dei vert evaluerte av lærarar og medstudentar. Arbeidsformene stiller store krav til sjølvstendig arbeid og samarbeid i gruppe innan faste tidsfristar. Analysar av medieprodukt er viktige innslag i utdanninga.

Du kan byggje på årsstudiet i Fjernsynsreportasje og dokumentar med årsstudiet i Reportasje og dokumentar ved Høgskulen i Volda.

Læringsutbytte

Etter fullført utdanning er kandidaten kvalifisert for sjølvstendig arbeid med fjernsynsreportasje og dokumentarfilm.

Kunnskap:

  • Korleis dokumentarfilm og fjernsynsreportasje framstiller og representerer verkelegheita
  • Retoriske og dramaturgiske grep i filmforteljing generelt og dokumentarfilm spesielt
  • Sentrale teoretiske innfallsvinklar knytt til analyse av film
  • Dokumentarfilmens og fjernsynsreportasjens historie, metode og utvikling, både nasjonalt og internasjonalt
  • Den teorietiske definisjonsproblematikken og filmteori knytt til dokumentarfilmomgrepet og korleis desse utfordrar journalistiske metodar og etikk
  • Dokumentarfilmen og fjernsynsreportasjen sin samfunnsmessige betyding

Ferdigheiter:

  • Kunne bruke ulike teoretiske innfallsvinklar i analyse av dokumentarfilm
  • Kunne bruke dokumentarfilmteori til å analysere eigne produksjonar
  • Kunne bruke profesjonelt audiovisuelt utstyr til å lage faktabaserte reportasjar og lengre dokumentarfilmar på eit høgt nivå

Generell kompetanse

  • Kunne vise til teoriar og produksjonar som set dokumentarfilmen og fjernsynsreportasjen inn i ein samfunnsmessig og demokratisk betyding
  • Vere i stand til å delta i samfunnsdebatten for å auke kvaliteten på dokumentarfilm og fjernsynsreportasjar

Fagleg oppbygging

Produksjonane utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak der den praktiske læringa går føre seg. I samband med dei praktiske oppgåvene vert det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging. I starten av studiet er det innføring i det tekniske utstyret vi brukar, dramaturgi, dokumentarfilmhistorie og metode. Haustsemesteret er prega av praktiske produksjonar, som vert avslutta med ein kort dokumentarfilm. I vårsemesteret er det praksisperiode, filmanalyse/filmteori og arbeid med eksamensproduksjonen.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
DOK304 Dokumentarfilmhistorie og metode 15,00 O 15          
DOK301 Reportasje og dokumentarfilmproduksjon 1 15,00 O 15          
DOK303 Dokumentarfilmteori og filmanalyse 15,00 O   15        
DOK302 Reportasje og dokumentarfilmproduksjon 2 15,00 O   15        
Sum: 30 30 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

All praktisk undervisning er obligatorisk dersom ikkje studentane kan dokumentere tilsvarande kunnskap.

For å få dei enkelte emna godkjende, må alle praktiske og teoretiske oppgåver vere leverte innan fristane som vert sette opp av emneansvarleg.

Praksis

Studentane kan ha sju veker ekstern praksis i 2. semester. Her vil både kringkastingsselskap og den private film- og videobransjen vere aktuelle praksisstadar. Ekstern praksis skal dokumenterast og evaluerast gjennom ein praksisrapport. Alternativ til ekstern praksis er å arbeide med forarbeid til eksamensproduksjonen. Slikt arbeid skal dokumenterast gjennom ein eigen rapport.

Evaluering og kvalitetssikring

Studiet vert evaluert i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

Studieprogramansvarleg

Hans Martin Dypvik, 70 07 50 86, hamd@hivolda.no

Studieprogramkode

DOKVID

Avdeling

AMF


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar