Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiekatalogen 2010-2011

Animasjon

Bachelor i animasjon

Ein animert studiekvardag

Er du kreativ og har interesse for formgiving og visuelle medium? Kunne du tenkje deg å jobbe med animasjonsfilmar? Animasjonsutdanninga i Volda er kjend langt utanfor landegrensene og studentar haustar årleg prisar i internasjonale filmfestivalar. Mange av dei store norske animasjonssuksessane både i film- og spelbransjen er skapte av ressurspersonar med bakgrunn frå Volda.

Karrierevegar

Den norske animasjonsbransjen er i sterk vekst og rekrutterer medarbeidarar med ulik bakgrunn. Animatørar arbeider med eit vidt spekter av teknikkar i ulike sjangrar. Animerte TV-seriar og animerte langfilmar for kinodistribusjon er viktige arbeidsområde for animatørar. Bruk av grafiske effektar og animasjon i fjernsyn er i dag svært vanleg, og i tillegg treng digitale medium (CD-rom, internett, dataspel m.m.) animatørar. Studiet kvalifiserer for profesjonelt arbeid med animasjon som sjølvstendig uttrykk (t.d. animert kortfilm) og bruk av animerte teknikkar i nyhende, informasjon, reklame og underhaldning

Innhald og arbeidsmåtar

Bachelor i animasjon er eit praktisk-teoretisk studium der teorien byggjer opp om det praktiske arbeidet. Teorien omfattar innføring i ulike medievitskaplege og animasjonsteoretiske emne, og design- og produksjonsteori. Innhaldet i dei praktiske emna er mellom anna innføring i teiknefilm, tradisjonell cutout, stop-motion (dokkefilm), grafisk design, bruk av Adobe Flash, digital cutout/motion design ved hjelp av program som After Effects, og bruk av Photoshop og 3D-software som Maya.

Praksis

Studentane blir oppfordra til å arbeide delar av fjerde eller femte semester i eit profesjonelt animasjonsstudio.

Internasjonalisering

Det blir lagt til rette for at studentar kan gjennomføre delar av studiet i utlandet ved utdanningsinstitusjonar vi samarbeider med, til dømes i Danmark, Storbritannia, Estland, Kina, Tyrkia, Kroatia og Frankrike.

Slik er studiet lagt opp

Animasjonsstudiet er eit integrert treårig praktisk-teoretisk studium med få valfrie emne. Arbeidsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid og praktiske øvingar. Dei praktiske øvingane og undervisninga knytt til dei, er obligatorisk. Teoriundervisninga foregår i hovudsak som gruppeførelesingar. Studentproduksjonar utgjer ein stor del av det praktiske arbeidet, og det er i hovudsak her den praktiske læringa skjer. I samband med dei praktiske oppgåvene blir det lagt vekt på individuell rettleiing og oppfølging i alle ledd i produksjonen. All praktisk undervisning er obligatorisk dersom studentane ikkje kan dokumentere tilsvarande kunnskap.


Utdanningsnivå:
Bachelorgrad
Søknadskode:
223 451 i Samordna opptak
Studiestart:
August 2010

Studiepoeng (ECTS):
180
Søknadsfrist:
15. april
Studielengd:
6 semester/3 år

Opptakskrav:

Generell studiekompetanse og i tillegg arbeidsprøver (portefolie) der søkjarane må dokumentere evne i mellom anna frihandsteikning. Høgskulen vil orientere søkjarane om krava til arbeidsprøver i eige brev. Arbeidsprøvene blir vurderte av ein eigen fagkomité, som kan innkalle aktuelle søkjarar til opptaksintervju og -oppgåver i Volda. Godkjende søkjarar konkurrerer på grunnlag av konkurransepoeng


Kontakt:

Andres Mänd, tlf. 70 07 50 72, andresma@hivolda.no


 

 

Mikael Tabutiaux, bachelor i animasjon

– Drømmen er å lage egne kortfilmer

Jeg valgte animasjonsutdanninga først og fremst fordi jeg er kreativ og liker å lage film. Det er en kjempespennende linje der du får prøvd deg på alle typer animasjonsteknikker. Og ettersom det settes høye krav til opptaket, kommer man i en klasse der de fleste medelevene blir en inspirasjonskilde i arbeidet. Drømmen er å lage egne kortfilmer, men jeg regner med å jobbe litt i forskjellige studioer før den tid.

Mikael Tabutiaux, bachelor i animasjon.

 

 

Sjå produksjonar frå animasjon

Sjå produksjonar frå animasjon her.