Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Journalistikk

Engelsk studieprogramnamn

Journalism

Studietype

Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

180 studiepoeng

Studielengd

6

Opptakskrav

Generell studiekompetanse, kvotering, sjå Samordna opptak (SO)

Innleiing

Studiet skal
- gi studentane systematisk trening i journalistisk arbeid og kunnskapar om journalistikk som fag
- gi kunnskap om ulike medium, deira rolle og oppgåver
- gjere studentane kjende med forsking om massemedia, journalistikk og journalistisk etikk
- gi kunnskap og innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål, og øve opp evna til å nytte samfunnsvitskaplege analysemodellar
- gi studentane ei bevisst haldning til tale-, bilde- og skriftspråket som sosiale fenomen og kommunikasjonsmiddel
- og skal utvikle studentane sine evner til samarbeid og utvikle kollektivt ansvar

Studiet inneheld desse elementa:

•Journalistiske idear og nyhendevurdering

Journalistar må kvar dag vurdere idear og prioritere nyhende. I tillegg til god allmennkunnskap er sentrale hjelpemiddel teori om medias rolle og funksjon i samfunnet, om nyhendekriterium og nyhendekjelder. Området blir dekt gjennom forelesingar og øvingsoppgåver i plenum og gruppevis i redaksjonane, og omfattar både lokale og nasjonale nyhende.

•Journalistisk undersøking

Journalistisk undersøking er viktig i all reportasje. Sjølvstendig journalistisk undersøking er eit vilkår for ein uavhengig journalistikk, og målet med kurset er å settje studentane i stand til å gjennomføre prosjekt i undersøkjande journalistikk. Undervisninga startar med grunnleggjande teknikkar som referat- og intervjuteknikk, og til faget høyrer også kjeldekunnskap, kjeldekritikk og innsynsrett. Undervisninga blir gitt som forelesingar og obligatoriske oppgåver. Kjeldekart, oppbygging av indeksar og kronologiske oversyn vert nytta som arbeidsreiskapar i kurset.

•Mediespråk og formidling

Målet med undervisninga er å gjere studentane medvitne om sentrale eigenskapar ved skriftspråk, talespråk og bildespråk. Sjangerkonvensjonar, retorikk, språksosiologi og språknormering blir tatt opp i undervisninga. Gjennom øvingar og medieprodukt skal studentane lære god og korrekt språkbruk, og bli i stand til å dyrke fram ein personleg stil. Undervisninga tar til med innføring i sjangerkonvensjonar for talt og skrive mediespråk, særleg knytt til nyhendeformidling. Seinare tek ein for seg tilhøvet mellom skrift og tale, og retningslinjer for individuell og redaksjonsbestemd språkbruk, avhengig av sjanger/format. Ein kjem òg inn på språksosiologiske emne som språk, makt og kjønn, og pensum inneheld også fagartiklar om særdrag ved språkbruk og formidlingsmåtar i radio, fjernsyn og avis.

•Medieetikk

Gjennom forelesingar, praktiske døme og oppgåver får studentane kunnskapar om medieetikk og korleis den avgrensar seg til lovgjevinga. Tidleg i studiet får studentane ei grunnleggjande innføring i medieetikk og det lovverket som regulerer journalistisk arbeid. Seinare arbeider studentane vidare med sentrale område som pressefridom, pressejus og kjeldevern. Gjennom utdanninga skal studentane utvikle sine evner til å analysere og vurdere medieetiske problem.

Læringsutbytte

KUNNSKAP
Kandidaten
- har brei kunnskap om grunnleggande tema, metodar, teoriar, problemstillingar og verktøy innan journalistikkfaget.
- er oppdatert på sentrale forskings- og utviklingsarbeid innan journalistikk, massemedia og journalistisk etikk.
- kan oppdatere sin kunnskap innan det journalistiske fagområdet.
- har kunnskap om journalistikkens historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.
- har kunnskap om ulike medium, deira rolle og funksjonar, og om aktuelle digitale endringsprosessar på mediefeltet.
- har kunnskap om tale-, bilde- og skriftspråket som sosialt fenomen og kommunikasjonsmiddel.
- har innsikt i aktuelle samfunnsspørsmål

FERDIGHEITER
Kandidaten
- kan bruke relevant fagkunnskap, metodar og resultat frå forskings- og utviklingsarbeid på praktiske og teoretiske problemstillingar og treffe grunngjevne val.
- kan reflektere over eigen fagleg utføring og justere denne under rettleiing.
- kan finne, vurdere, og vise til informasjon og fagstoff og framstille dette slik at det kastar lys over journalistiske problemstillingar.
- kan beherske relevante journalistiske verktøy, teknikkar, sjangrar og uttrykksformer.
- kan samarbeide om journalistiske prosjekt og ha kollektivt ansvar
- kan arbeide sjølvstendig som journalist.

GENERELL KOMPETANSE
Kandidaten
- har innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver og prosjekt som strekker seg over tid, aleine og som deltakar i gruppe, i tråd med etiske krav og retningsliner.
- kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer.
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med andre med bakgrunn innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til utvikling av god praksis
- kjenner til nytenking og innovasjonsprosessar.
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking og framføre eit velformulert resonnement.

Fagleg oppbygging

Bachelorgraden i journalistikk ved Høgskulen i Volda er sett saman av obligatoriske og valfrie emne. Dei obligatoriske emna utgjer 145 sp og må takast i fastsett rekkefølgje (sjå nærare om emneplanar for utdanninga). Spesialiseringsemna har opptaksavgrensing.

Bachelor i journalistikk - obligatoriske fellesemne

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
JOU101 Journalistikk 1 15,00 O 15          
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv 15,00 O 15          
JOU102 Journalistikk 2 10,00 O   10        
MEV121 Medievitenskap 1 – Medienes framvekst
og utvikling
15,00 O   15        
MEV122 Medievitenskap 2 - Hva medieutviklingen
betyr
15,00 O       15    
MEV221 Medievitenskap 3 – Fra fag til
forskning: Hvordan analysere medier
15,00 O         15  
JOU204 Journalistikk 4 15,00 O           15
Sum: 30 25 0 15 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Ved studiestart må studentane setje opp utdanningsplan i samråd med faglærar etter ein utdanningssamtale. I utdanningsplanen inngår valfrie emne. Desse emna kan takast på avdelinga eller ved andre avdelingar på høgskulen (sjå emnetabell for valfrie emne frå avdelinga lenger ned). Dei kan og takast ved andre utdanningsinstitusjonar i Noreg eller i utlandet. Desse emnevala må godkjennast av avdelinga.

Søkjarar med tidlegare utdanning som tilsvarar eit eller fleire av dei obligatoriske emna i journalistutdanninga, kan søkje om innpassing. Etter innpassing av tidlegare utdanning kan nokre studentar gjennomføre journalistutdanninga på to år. Alle studentar vil få rådgjeving om gjennomføring av studiet i utdanningssamtalen.

Studentane må søkje spesialisering i avis, fjernsyn eller radio ved studiestart. Det meste av undervisninga er felles, og det er arbeidsoppgåver på tvers av spesialiseringane. Dei ulike emna i journalistikk må takast i stigande rekkefølgje. I eit treårig studieløp kan studentane velgje ei ekstra spesialisering som må gjennomførast andre studieår.

Obligatoriske emne - avisspesialisering, fjernsynsspesialisering og radiospesialisering

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
JOA101 Journalistisk arbeidsteknikk for avis 5,00 O 5          
JOA102 Journalistikk 2 for avis. 10,00 O   10        
JOA203 Journalistikk 3 for avis. 15,00 O         15  
JOA205 Journalistikk 5 for avis. 15,00 O           15
Sum: 5 10 0 0 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
JOF101 Journalistisk arbeidsteknikk for
fjernsyn.
5,00 O 5          
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn. 10,00 O   10        
JOF203 Journalistikk 3 for fjernsyn. 15,00 O         15  
JOF205 Journalistikk 5 for fjernsyn. 15,00 O           15
Sum: 5 10 0 0 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne
Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
JOR101 Journalistisk arbeidsteknikk for radio. 5,00 O 5          
JOR102 Journalistikk 2 for radio. 10,00 O   10        
JOR203 Journalistikk 3 for radio. 15,00 O         15  
JOR205 Journalistikk 5 for radio. 15,00 O           15
Sum: 5 10 0 0 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Studiet er arbeidskrevjande med obligatoriske innleveringsoppgåver og obligatorisk deltaking i interne øvingsproduksjonar. Studentane skal gjennomføre journalistiske øvingar og vurdere sine eigne arbeid i høve til relevant teori. Studiet spenner frå dei enklaste journalistiske arbeidsteknikkane og til meir analyserande og undersøkjande journalistikk.

I alle semestra er det obligatoriske oppgåver, individuelle og/eller gruppeoppgåver. Det er som regel korte fristar for å løyse oppgåvene. Desse oppgåvene må vere godkjende før studenten kan gå vidare i studiet.

Studentane får kommentarar på journalistisk innhald og språk. Oppgåvene får vurderinga godkjend/ikkje godkjend. Studentar som får ikkje godkjend har høve til å levere nytt svar på same oppgåva to gonger. Får ei oppgåve ikkje godkjend for tredje gong, må studenten levere svar etter ny oppgåvetekst. Studentar som leverer ei oppgåve etter innleveringsfristen, har ikkje krav på å få retta ho før i slutten av semesteret, ei veke etter innleveringsfristen for den siste oppgåva. Dersom oppgåvesvaret ikkje vert levert før oppgåvegjennomgangen, må studenten løyse ny oppgåve. Studentar har ikkje rett til å delta i intern praksis ved høgskulen før alle obligatoriske oppgåver i JOU101 er godkjende.

Kva studiet kvalifiserer for

Journalistutdanninga ved Høgskulen i Volda utdannar journalistar til redaksjonar i heile landet. Journalistyrket er eit fritt yrke som rekrutterer folk med ulik bakgrunn. Stadig fleire vel journalistutdanning som innfallsport til eit yrke som ønskjer kunnskapsrike, kreative journalistar med ei bevisst haldning til yrkesrolla si.

Praksis
Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; avis, fjernsyn, nettavis eller radio. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske.

I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette vaktplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 101,102, 203 og medievitskap 111 og 112.

Praksis

Det er fire periodar med obligatorisk praksis. I dei tre første periodane er det intern praksis, og studentane arbeider i øvingsmedia ved avdelinga; avis, fjernsyn, nettavis eller radio. I siste semester blir studentane som hovudregel utplasserte i riksdekkjande eller regionale medieverksemder. Praksisutplasseringa blir avtalt mellom faglærar og vedkomande medieverksemd, og fordelinga tek omsyn til studentane sine ønske.

I praksisperiodane ved høgskulen vert det lagt vekt på rettleiing, evaluering og refleksjon rundt journalistiske problemstillingar. Studentane må fylgje oppsette vaktplanar og gjere dei oppgåvene dei blir tildelte. Studentane skal òg delta i evalueringa av studentproduksjonane.

For å ha rett til ekstern praksisplass må studenten ha fullført alle eksamenar og obligatoriske oppgåver i journalistikk 101,102, 203 og medievitskap 111 og 112.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Avdelinga gir og tilbod om valfrie emne som er relevante for journalistar, men som ikkje er obligatoriske. Du må ha 35 sp valfrie emne for å få bachelorgraden. Her er et oversyn over våre emne. Tabellen syner om emnet går haust og/eller vår.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
INF211 PR og kommunikasjon 3: Kommunikasjon,
samfunnsansvar og omdømme
15,00 V       15    
REP201 Reportasjearbeid i framand kultur. 30,00 V     30      
MDA101 Mediedesign og konseptutvikling 5,00 V     5   5  
JOA101 Journalistisk arbeidsteknikk for avis 5,00 V     5 5    
JOA102 Journalistikk 2 for avis. 10,00 V       10    
JOF101 Journalistisk arbeidsteknikk for
fjernsyn.
5,00 V     5 5    
JOF102 Journalistikk 2 for fjernsyn. 10,00 V       10    
JOR101 Journalistisk arbeidsteknikk for radio. 5,00 V     5 5    
JOR102 Journalistikk 2 for radio. 10,00 V       10    
Sum: 0 0 0 0 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Alle program og emne i avdelinga blir evaluerte i samsvar med Høgskulen i Volda sitt system for kvalitetssikring.

Studieprogramansvarleg

Jan Ytrehorn, 70 07 51 05, jy@hivolda.no

Studieprogramkode

JOUBV

Avdeling

AMF


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

– Ville ikke studere journalistikk noen andre steder

Jeg valgte journalistikk i Volda fordi jeg på forhånd hadde hørt at høgskolen hadde et veldig godt tilbud innenfor det studiet. For min del ville jeg ikke studere journalistikk noen andre steder i landet, så det betydde mye for meg å få studieplass. Som journalistikkstudent i Volda får man mye praksis, og det er den beste læringsmetoden. Jeg hadde i tillegg hørt at studiemiljøet var veldig bra, og det stemmer på en prikk. Det er mange forskjellige studenttilbud (som f.eks. studentavis/radio/tv, Veka, Dokfilm, Animation Volda osv.), som gjør tilværelsen både spennende og morsom. I tillegg er det positivt med mange konserter på Studenthuset Rokken, som igjen er et koselig samlingspunkt for de fleste av studentene. Jeg er fortsatt usikker på hva jeg vil jobbe med i fremtiden, men uansett hva det blir, vil jeg ha en nyttig bachelor i journalistikk fra Volda i bagasjen.

Sandra Marie Kristiansen, bachelor i journalistikk.