Studieprogramnamn
HistorieEngelsk studieprogramnamn
History Half year courseStudietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 stpStudielengd
1 semesterOpptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som halvårsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m.v.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Det er eit mål at studenten
- har grunnleggjande oversikt over ein lengre periode i norsk og internasjonal historie
- har somme kunnskapar om historisk metode og teori
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Det er eit mål at studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse
Det er eit mål at studenten
- kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Fagleg oppbygging
Historie halvårsstudium består av to emne á 15-studiepoeng, der eitt av oversynsemna HI101, HI102 eller HI103 er obligatorisk.
To av følgjande emne kan inngå i halvårsstudiet:
HI101: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300-1600
HI102: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600-ca 1870
HI103: Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870-2000
Emna HI101 og HI102 har tilbud med forelesning og seminar kvart haustsemester, HI103 og HI110 kvar vår. Alle emna kan takast som nettstøtta studium både haust og vår.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| HI101 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1600 |
15,00 | V | 15 | 15 |
| HI102 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600–1870 |
15,00 | V | 15 | 15 |
| HI103 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000 |
15,00 | V | 15 | 15 |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det blir undervist i HI101 og HI102 i haustsemesteret og i HI103 i vårsemesteret. Det er høve til å ta eitt emne pr semester, eller begge emna same semester, anten haust- eller vårsemester. Det er obligatorisk frammøte på alle oversynsemna. Nettstudentar og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesning og seminar, får ekstra arbeidskrav, sjå Arbeidskrav i den einskilde emneplan. Dei tre emna (HI101-103) er tilrettelagt for nettstøtta studier både i haustsemesteret og i vårsemesteret.
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstøtta studium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.noStudieprogramkode
HIS1VAvdeling
Avdeling for samfunnsfag og historie<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

