Studieprogramnamn
HistorieEngelsk studieprogramnamn
History yearcourseStudietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 studiepoengStudielengd
2 (heiltid) eller 4 (deltid)Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.
Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.
Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.
Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Det er eit mål at studenten
- har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
- har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Det er eit mål at studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse
Det er eit mål at studenten
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Fagleg oppbygging
Historie årsstudium er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Studentar som vel eit fordjupingsemne som sitt siste emne, skal ha fullført minst 2 av dei obligatoriske grunnemna før oppstart, og vere registrert for fullføring av det tredje i det same semesteret som fordjupingsemnet.
Historie årsstudium har opptak både haust og vår, og det er tilbod om gjennomføring med lokal undervisning eller som nettstøtta tilbod .
Lokal undervisning med start i haustsemesteret (heiltid):
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| HI101 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1600 |
15,00 | O | 15 | |
| HI102 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600–1870 |
15,00 | O | 15 | |
| HI103 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000 |
15,00 | O | 15 | |
| HI204 | Lokal-, familie- og mikrohistorie | 15,00 | V | 15 | |
| HI207 |
Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 |
15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Historie årsstudium - heiltid (nettstøtta tilbod) med start i haustsemesteret
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| HI101 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1600 |
15,00 | O | 15 | 15 |
| HI102 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600–1870 |
15,00 | O | 15 | 15 |
| HI103 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000 |
15,00 | O | 15 | 15 |
| HI201 | Globalhistorie. Europa, Vesten og verden | 15,00 | V | 15 | |
| HI204 | Lokal-, familie- og mikrohistorie | 15,00 | V | 15 | |
| HI207 |
Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 |
15,00 | V | 15 | |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Historie årsstudium - deltid (nettstøtta tilbod) med start i haustsemesteret
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | ||||
| HI101 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1600 |
15,00 | O | 15 | 15 | 15 | 15 |
| HI102 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1600–1870 |
15,00 | O | 15 | 15 | 15 | 15 |
| HI103 |
Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000 |
15,00 | O | 15 | 15 | 15 | 15 |
| HI201 | Globalhistorie. Europa, Vesten og verden | 15,00 | V | 15 | |||
| HI202 |
Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar? |
15,00 | V | 15 | |||
| HI204 | Lokal-, familie- og mikrohistorie | 15,00 | V | 15 | |||
| HI206 | Mediehistorie | 15,00 | V | 15 | |||
| HI207 |
Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 |
15,00 | V | 15 | |||
| Sum: | 15 | 15 | 15 | 15 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Alle oversynsemna samt HI201, HI202 og HI204, har obligatorisk frammøte for lokalstudentane. For studentar som vel nettstøtte og lokalstudentar som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara, vert det gitt nokre ekstra arbeidskrav, sjå meir under Arbeidskrav i den einskilde emneplan.
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstøtta studium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.noStudieprogramkode
HISARAvdeling
Avdeling for samfunnsfag og historie<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

