Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Historie

Engelsk studieprogramnamn

Bachelorstudy History

Studietype

Bachelorgradsstudium

Studiepoeng (ETCS)

180 studiepoeng

Studielengd

6 semester

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Innleiing

Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.

Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Læringsutbytte

Kunnskap (og forståing)

Det er eit mål at studenten
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking
- er i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
- har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kan trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet

Ferdigheiter
Det er eit mål at studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar

Generell kompetanse
Det er eit mål at studenten
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning

Fagleg oppbygging

Bachelorprogrammet i historie er samansett av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er faste, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva skal skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna.

Det eine grunnemnet er eit innføringsemne der det m.a. inngår studietur til Roma.

Dei resterande 75 studiepoenga kan i prinsippet takast fritt, men dersom ein tek sikte på å ta praktisk-pedagogisk studium etter avslutta program for å oppnå kompetanse som lærar i grunnskulen, må ein ta 60 studiepoeng (årsstudium) frå eit anna skulefag enn historie eller samfunnsfag.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V) S5(H) S6(V)
HI101 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 300–1600
15,00 O 15          
HI102 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1600–1870
15,00 O 15          
HI100 Historisk innføringsemne 15,00 O   15        
HI103 Norsk og internasjonal oversynshistorie
ca 1870–2000
15,00 O   15        
HI210 Historie - bacheloroppgåve 15,00 O       15 15 15
HI201 Globalhistorie. Europa, Vesten og verden 15,00 V       15   15
HI202 Norske kystsamfunn 1600-1920 -
økonomiske og sosiale kontrastar?
15,00 V     15   15  
HI204 Lokal-, familie- og mikrohistorie 15,00 V       15   15
HI206 Mediehistorie 15,00 V       15   15
HI207 Stormaktspolitikk og norsk
utanrikspolitikk etter 1945
15,00 V     15   15  
HI107 Lokalhistorie og kulturvernarbeid –
praksisemne
15,00 V       15 15 15
Sum: 30 30 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Tabellen syner om emna går i haust og/eller vårsemester. Det blir normalt tilbod om forelesing og seminar, men i enkelte tilfelle kan det tilbydast som nettstøtta studium. Tabellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak hausten 2011, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.

Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:

- Grunnemna HI100, HI101, HI102 og HI103
- To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (HI2xx-emnekode)
- Bacheloroppgåve (HI210).

Studentar som har opptak på bachelorgaden Historie, kultur og samfunn frå hausten 2010 eller tidlegare, samt dei som har fått overgang våren 2011, kan velge mellom HUM101 og HI100. Studentar som får opptak på bachelorgraden i historie frå hausten 2011 og seinare, må gjennomføre HI100.

Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:

To valfrie fordjupingsemne skal veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne, så lenge det fordjupingsemnet som bacheloroppgåva er bygd på blir teke tidlegare eller same semester som oppgåva.

Krav til rekkjefølgje
Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) skal vere knytt til eitt av teoriemna studenten har valt på fordjupingsnivå. Det må takast før eller same semester som HI210.

Det er høve til å ta studiet på deltid etter avtale.

Utanlandsopphald

Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.

AA101 Australian-Asian Culture Studies (30 stp) kan takast haustsemesteret andre eller tredje studieår. Men da står det berre att 45 studiepoeng frie emne i programmet, og ein har ikkje plass til eit fullt årsstudium innafor normert studietid.

Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i dei fire obligatoriske grunnemna. Den som ikkje oppfyller frammøtekravet får andre arbeidskrav.

Til innføringsemnet (vårsemesteret 1. studieår) er det knytt ein studietur til Roma på ca 5 dagar, der det er innlagt obligatorisk undervisning. Det vil vere eit avgrensa tal plassar på turen, og registrerte lokalstudentar har førsterett. Studentar som ikkje kan delta på denne turen, får ekstra arbeidskrav.

Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstøtta studium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Studieprogramansvarleg

Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.no

Studieprogramkode

HISBV

Avdeling

Avdeling for samfunnsfag og historie


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

– ingenting er så interessant som si eiga fortid!
Eg valte å studere historie fordi ingenting er så interessant som si eiga fortid! Her i Volda har ein eit flott miljø for alle som studerer og difor også for oss som studerer historie. Eg ser for meg ei framtid som lærar innanfor historiefaget. Emna er lagt opp til at ein kan studere på ein sjølvstendig måte og gjer fridom til å legge opp din eigen studiekvardag. Med interessante emne og eit glitrande studentmiljø, er det ingen grunn til å ikkje velje Høgskulen i Volda.

Kristian Kvinge Lerøy, bachelor i historie, kultur og samfunn.