Studieprogramnamn
HistorieEngelsk studieprogramnamn
History In depth studyStudietype
FordjupingsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 spStudielengd
1Opptakskrav
Årsstudium i historie eller samfunnsfagInnleiing
Studiet vil kunne gje innsikt i dei sosioøkonomiske og kulturelle kontrastane og mangfaldet i verda. Hovudvekta ligg på nyare tid med prosessen då Europa og Vesten vart dominerande drivkraft. Gjennom samanliknande nærstudie av Norskekysten i førindustriell tid kjem det fram at kontrastane og mangfaldet også finst mellom ulike regionar innanfor stats- og nasjonsgrenser (fagemna HI201, HI202).
Studiet vil òg kunne gje innsikt i lokalhistoriefeltet, slik det har vakse fram dei siste hundre åra og slik det blir drive i Noreg i dag. Oversynskunnskapar om fagfeltet internasjonalt er også innan synsfeltet (fagemne HI204).
Studiet vil dessutan kunne gje oversyn over utviklinga av den moderne medieverda frå renessansen til vår eigen tid, men med hovedvekta på perioden 1800-2000. Det blir lagt vekt på å syne korleis den moderne pressa voks fram som ein integrert del av nasjonsbygginga og framvoksteren av eit demokratisk og sivilt samfunn, inkl. korleis utbreiinga av radio og TV vart ein avgjerande del av det moderne massedemokratiet (fagemne HI206).
Emnet HI207 Stormaktspolitikk og Norsk utanrikspolitikk etter 1945, er todelt: Hovuddelen har som mål å gi innsikt i det internasjonale politiske systemet og korleis makttilhøva har utvikla seg i ulike verdsregionar med USA som hegemonimakt og Sovjetunionen som utfordrar. Utanrikspolitikken til småstaten Noreg omfattar om lag ein tredel av emnet.
Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. I ei tid med raske endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida. Historia vil alltid vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Det er eit mål at studenten
- har gjennom eitt eller to fordjupingsemne gode realhistoriske kunnskapar i tilknyting til emnet/ emna, og kjenner dessutan til sentrale teoriar og debattar innan det/ dei valde emna.
- har grunnleggjande kunnskapar om sentrale teoriar og metodespørsmål knytt til historisk forsking
Dersom studenten har årsstudium i historie frå HVO, har han/ ho òg:
- brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram til i dag, kan sjå samanhengar og trekke samanlikningar mellom desse.
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
- grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
- innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
(evt. berre tilvising til det programmet)
Ferdigheiter
Det er eit mål at studenten
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekke sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse
Det er eit mål at studenten
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar / har medvit om hendingar og prosessar i samtid og fortid
- kan arbeide sjølvstendig og definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda og å tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig
- kan utøve kritisk og sjølvstendig tenking, og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Fagleg oppbygging
Historie fordjupningsstudium har opptak i både haust- og vårsemesteret. Det består normalt av to emne à 15 studiepoeng. Emne ein kan velje, er:
- HI201: Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (nettstøtta studium våren 2012)
- HI202: Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar? (nettstøtta studium hausten 2011)
- HI204: Lokal- regional og mikrohistorie (forelesing og som nettstøtta studium våren 2012)
- HI207: Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 (forlesing og som nettstøtta studium hausten 2011 og våren 2012)
- HI210: Bacheloroppgåve
Dersom du vil nytte studiet til å få ein fri bachelorgrad, må HI210 inngå som eitt av emna.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| HI201 | Globalhistorie. Europa, Vesten og verden | 15,00 | V | 15 | |
| HI202 |
Norske kystsamfunn 1600-1920 - økonomiske og sosiale kontrastar? |
15,00 | V | 15 | |
| HI204 | Lokal-, familie- og mikrohistorie | 15,00 | V | 15 | |
| HI207 |
Stormaktspolitikk og norsk utanrikspolitikk etter 1945 |
15,00 | V | 15 | 15 |
| HI210 | Historie - bacheloroppgåve | 15,00 | V | 15 | 15 |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Alle emna på 200-nivået har obligatorisk frammøte for lokalstudentane med unnatak av HI206, HI207 og HI210. Det vert arrangert ein heimeprøve for nettstudentane og dei som ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara.
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for deg som tar studiet som nettstøtta studium, men det gjeld òg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Marte Bogen Sinderud, 70075336, MarteBS@hivolda.noStudieprogramkode
HISFVAvdeling
Avdeling for samfunnsfag og historie<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

