Studieprogramnamn
KulturmøteEngelsk studieprogramnamn
Masterstudy Cultural encountersStudietype
MastergradsstudiumStudiepoeng (ETCS)
120 studiepoengStudielengd
Heiltidsstudium: 4, deltidsstudium: 8 semesterOpptakskrav
1. Bachelorgrad eller tilsvarande (min. 180 stp), med fordjuping i historie eller religion med min. 80 stp.2. Allmennlærarutdanning med fagval i historie/KRL/samfunnsfag og minimum 20 stp.fordjuping (200-nivå) i det same faget.
3. Tilsvarande kompetanse innan humaniora eller samfunnsvitskap – etter særskilt vurdering.
Ein krev minst karakteren C (G, 2,8 eller stått) i fordjupningsfaget (historie, religionsvitskap el.a.) som det blir søkt på grunnlag av.
Innleiing
Studiet skal medverka til å utvikla kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auka den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har.
Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren elles.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Det er eit mål at studenten
- har kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forskning på møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
- har teoretisk innsikt i dette fagområdet som eit tverrfagleg forskningsfelt
- har kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Ferdigheiter
Det er eit mål at studenten
- har trening i å finna fram i og vurdera kulturhistorisk forskningslitteratur og relevant kjeldemateriale
- har føresetnader for å planleggja, avgrensa og utforma eit sjølvstendig forskningsarbeid og samstundes tileigna seg ei forskningsetisk haldning
- kan vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
Generell kompetanse
Det er eit mål at studenten
- har etablert grunnlag for forskning, utgreiing, undervisning og formidling på det aktuelle, breide kunnskapsfeltet
- har faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
- kan planleggja og gjennomføra nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Fagleg oppbygging
Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det eine kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.
HEILTIDSSTUDIUM
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||
|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | ||||
| KUM301 | Nasjon, kultur og religion | 15,00 | O | 15 | |||
| KUM302 |
Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon |
15,00 | O | 15 | |||
| KUM303 |
Vest-Noreg og Nordsjøregionen, kulturelle kontrastar og kontaktar over Nordsjøen 1750-1940 |
15,00 | O | 15 | |||
| KUM304 |
Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501 |
15,00 | V | 15 | |||
| KUM305 | Brennpunkt Midtausten | 15,00 | V | 15 | |||
| KUM306 | Masteroppgåve i Kulturmøte | 60,00 | O | 30 | 30 | ||
| Sum: | 30 | 30 | 30 | 30 | |||
DELTID:
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | S7(H) | S8(V) | ||||
| KUM301 | Nasjon, kultur og religion | 15,00 | O | 15 | |||||||
| KUM302 |
Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon |
15,00 | O | 15 | |||||||
| KUM303 |
Vest-Noreg og Nordsjøregionen, kulturelle kontrastar og kontaktar over Nordsjøen 1750-1940 |
15,00 | V | 15 | 15 | 15 | |||||
| KUM304 |
Al-Andalus - politisk hegemoni og kulturell pluralisme i iberisk mellomalder 711-1501 |
15,00 | V | 15 | 15 | 15 | |||||
| KUM305 | Brennpunkt Midtausten | 15,00 | V | 15 | 15 | 15 | |||||
| KUM306 | Masteroppgåve i Kulturmøte | 60,00 | O | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | |||
| Sum: | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | |||
Praksis
Ingen praksis.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Birger Løvlie, 70075165, bl@hivolda.noStudieprogramkode
KULMMGAvdeling
Avdeling for samfunnsfag og historie og Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

