Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

 


Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar

 

 

–Vil bruke masteren som lærar på vidaregåande

Hildegunn Stokke, master i kulturmøte:
Med eit mastergradsstudium i kulturmøte får eg sjansen til å fordjupe meg i eit svært interessant emneområde. Fordi studiet er tverrfagleg, får eg i tillegg nytte meg av mange ulike perspektiv. Medstudentane mine har heilt ulike faglege bakgrunnar, noko som gjer studiemiljøet ekstra interessant og lærerikt. Eg er utdanna allmennlærar og håpar i første omgang på å få bruke masteren som lærar i vidaregåande skule. Men fordi masteren famnar så pass vidt, er alternativa mange. Eg ser ikkje vekk ifrå at eg for eksempel kan arbeide i ein internasjonal humanitær organisasjon dersom sjansen byr seg.