Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

 


Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar

 

 

– på veg til å bli musikkterapeut

Aleksander Goksøyr, bachelor i sosialt arbeid – sosionom:
Eg har valt å ta ein bachelor i sosialt arbeid som første steg på veg til å bli musikkterapeut. Musikk og menneske er dei to mest interessante felta eg veit om, og slik sett vart yrkesvalet mitt svært enkelt. Grunnen til at eg enda opp i Volda er meir eller mindre tilfeldig, men i dag er eg særs nøgd med valet! Studentmiljøet er notorisk bra, så det er høve til å faktisk gjere noko gøy utanom studiet for dei som vil. I Volda er det studentorganisasjonar for ein kvar smak, her er eit godt musikkmiljø, varierte treningsmoglegheiter og mange spennande internasjonale studentar som gjer studiekvardagen betre og meir fargerik. Volda er kjent for å ha et stort internasjonalt nettverk, noko eg sjølv drog nytte av då eg studerte tredje semester i Honolulu, Hawaii. Tidenes halvår! Du har du også høve til å ha arbeidspraksis både i Kenya, India, Wales og Danmark!
Mitt tips til nye studentar er å finne seg ein primærhobby/lidenskap/aktivitet utanom studiet som kan bli ein raud tråd gjennom heile opphaldet. For nokon kan det innebere å jobbe som frivillig på Rokken, for andre kan det vere å stå på telemarkski, og for meg var det å spille i det lettare tilbakeståande rockebandet Fatty Sunroad.