Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling

Studietype

Vidareutdanning på masternivå

Studiepoeng (ETCS)

30

Studielengd

2

Opptakskrav

Det generelle kravet for å bli tatt opp er minimum 3-årig grunnutdanning i helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg utdanning:

• Bachelorgrad i helse- eller sosialfag
• Allmennlærar med relevante fagval
• Cand. mag. med relevant fagsamansetting
• Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum 3 års omfang etter vurdering

For dei to siste punkta er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innan helse- eller sosialfag.

Innleiing

Frå 1990-talet har alkoholbruken i det norske folket auka for kvart år. Måten nordmenn bruker alkohol på, er også i endring. Mellom anna drikk nordmenn oftare enn før og meir pr. drikketilfelle. Forskarar melder om at nordmenns haldningar til alkoholbruk har vorte meir liberale, og at det er akseptert og vanleg å bruke alkohol i fleire samanhengar enn tidlegare. Desse endringane kan føre til at fleire får problem som følgje av alkoholbruken sin.

Bruken av ulike narkotiske stoff er også eit vedvarande problem i det norske samfunnet. Dei siste åra har særleg ungdommars bruk av cannabis vore i fokus blant forskarar og behandlarar, fordi nyare forsking tyder på at dette fører til større helseskadar enn ein har trudd tidlegare. Hjelpetiltaka for folk med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Helsetilboda til denne gruppa vert styrkt, og ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Dette stiller dei som arbeider i rusomsorga, overfor nye og store utfordringar.

Læringsutbytte

  • Utvikle studentane sine evner til å forstå rus, rusproblem og rusåtferd som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
  • Utvikle studentane si forståing av kva førebyggande arbeid er og kva det kan vere
  • Utvikle studentane sin kompetanse til å hjelpe personar med rus- og avhengigheitsproblem

Fagleg oppbygging

Studiet kastar primært lys på rusproblematikk ut frå forskingsbasert kunnskap frå samfunnsvitskapane. Det vert lagt spesiell vekt på å forstå bruk av rusmiddel mellom ungdom og i eit familieperspektiv. Studiet gir forskingsbasert kunnskap og innsikt i ulike teoriar om førebygging og førebyggingsstrategiar. Studiet formidlar også på eit generelt grunnlag kunnskap om ulike behandlingsideologiar og -metodar. Studiet gir også deltakarane høve til å reflektere over og møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem. Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem. Læringsformer er førelesingar, ekskursjon, gruppearbeid, sjølvstudium og oppgåveskriving mellom samlingane med rettleiing av erfarne lærarar.

Kva studiet kvalifiserer for

  • Gjere studentane betre rusta til å møte rusproblem på ein løysingsorientert måte
  • Kan gå inn som valfri del av masterstudia i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering og Samfunnsplanlegging og leiing

Sentrale tema:

· Rusbruk i eit historisk perspektiv, i eit helse- og sosialpolitisk perspektiv og eit kjønnsperspektiv

· Alternative perspektiv på rus og avhengigheit: ungdom og rus, born i familiar med rusproblem, rus og arbeidsliv og rus og sjølvmord

· Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem

· Forståingsmodellar – det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling

· Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen 15,00 O 15  
RUS302 Tiltak mot rusproblem 15,00 O   15
Sum: 0 0
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Studieprogramansvarleg

Hallgerd Conradi, 7007 5081, hc@hivolda.no

Studieprogramkode

RSF1V

Avdeling

ASH

Studieplassar

40


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon

 

 

Ressursar