Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling
Dette er eit deltidsstudium i rusproblematikk for helse- og sosialarbeidarar og andre som ynskjer å betre kompetansen sin på dette feltet.
Karrierevegar
Studiet kan nyttast som 30 valfrie studiepoeng i Master i helse- og sosialfag og Master i samfunnsplanlegging og leiing ved HVO, og ein kan søkje om innpassing i mastergradsstudium ved andre høgskular og universitet.
Innhald og arbeidsmåtar
Frå 1990-talet har alkoholbruken i det norske folket auka for kvart år. Måten nordmenn bruker alkohol på, er også i endring. Mellom anna drikk nordmenn oftare enn før og meir pr. drikketilfelle. Forskarar melder om at nordmenns haldningar til alkoholbruk har vorte meir liberale, og at det er akseptert og vanleg å bruke alkohol i fleire samanhengar enn tidlegare. Desse endringane kan føre til at fleire får problem som følgje av alkoholbruken sin.
Bruken av ulike narkotiske stoff er også eit vedvarande problem i det norske samfunnet. Dei siste åra har særleg ungdommars bruk av cannabis vore i fokus blant forskarar og behandlarar, fordi nyare forsking tyder på at dette fører til større helseskadar enn ein har trudd tidlegare. Hjelpetiltaka for folk med rusproblem er inne i ein omstillingsfase. Helsetilboda til denne gruppa vert styrkt, og ansvars- og arbeidsfordelinga på hjelparsida vert omorganisert. Dette stiller dei som arbeider i rusomsorga, overfor nye og store utfordringar. Studiet er meint som eit svar på denne utfordringa.
Sentrale tema:
· Rusbruk i eit historisk perspektiv
· Rusbruk i eit helse- og sosialpolitisk perspektiv
· Rusbruk i eit kjønnsperspektiv
· Alternative perspektiv på rus og avhengigheit
· Ungdom og rus
· Born i familiar med rusproblem
· Rus og arbeidsliv
· Rus og sjølvmord
· Etikk og menneskesyn i arbeidet med rusrelaterte problem
· Forståingsmodellar – det ideologiske og teoretiske grunnlaget for behandling
· Aktuelle behandlingsmåtar for personar som har rusproblem, og kva slags vurderingar som må liggje til grunn for val av metode
· Organisasjonsstrukturen på rusmiddelfeltet
Slik er studiet lagt opp
Studiet gir deltakarane høve til å reflektere over og møte rusproblem på ein løysingsorientert måte på arbeidsplassen, i familien og andre stader. I løpet av studiet vil studentane få eit breitt nettverk av kollegaer som arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk innanfor helse- og sosialtenestene og på andre felt av samfunnslivet der ein møter rusproblem.
Studiet er delt i to emne: Rus som kulturelt og sosialt fenomen og Tiltak mot rusproblem.
Læringsformer:
- Førelesingar, ekskursjon, gruppearbeid, sjølvstudium og oppgåveskriving mellom samlingane med rettleiing av erfarne lærarar.
180 stp innan helse- eller sosialfag
Hallgerd Conradi, tlf. 70 07 50 81, hallgerd.conradi@hivolda.no
