Studieprogramnamn
Prosessleiing i samfunn og organisasjonarEngelsk studieprogramnamn
Process management in communities and organisationsStudietype
Vidareutdanning på masternivåStudiepoeng (ETCS)
15Studielengd
1 semester (vår)Opptakskrav
3 år høgare grunnutdanningInnleiing
Målet med studiet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse utfordringar i samfunnsplanlegging og -utvikling.
Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning, eller som valfritt emne i mastergradane i samfunnsplanlegging og leiing og helse- og sosialfag ved HVO
Læringsutbytte
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane utvikle:
- Kunnskap om proaktivt utviklingsarbeid og prosjektarbeid
- Kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng
- Kompetanse til sjølv å bruke kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid
- Kompetanse til kritisk vurdering av ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar
- Praktisk handlingskompetanse i å lage planprogram/planstrategiar og å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt
- Evna til kritisk refleksjon over eiga og andre si rolle i gruppeprosessar
Fagleg oppbygging
Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar deltaking, dialog, kreativitet m.m. og som gir forankring av og forplikting til dei løysingane som ein kjem fram til. Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar.
Studiet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal dei få hjelp til korleis dei kan utforme ein prosessdesign for å arbeide med utfordringane.
Tema:
- Ideutvikling og kreativ problemløysing som ledd i strategiutvikling og kommunikativ planlegging
- Målretta utviklingsarbeid – utfordringar, teoriar og metodar
- Prosessplanlegging – frå utfordring til handling
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | S3(H) | S4(V) | S5(H) | S6(V) | ||||
| IPA302 |
Prosessleiing i samfunn og organisasjonar |
15,00 | O | 15 | |||||
| Sum: | 0 | 15 | 0 | 0 | 0 | 0 | |||
Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Det er krav om 80% frammøte til undervisninga. Asle Farner og Susanne Moen Ouff er faste lærarar på dette programmet/emnet.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Professor dr. Roar Amdam, ram@hivolda.no)Studieprogramkode
ASHM (IPA302)Avdeling
Avdeling for samfunnsfag og historie<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

