Studieprogramnamn
Skuleretta Samfunnsfag 2 N (nettbasert m/avgift)Engelsk studieprogramnamn
-Studietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 stpStudielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanseInnleiing
Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn: Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, politisk makt og politiske prosessar, norsk etterkrigstid, afrikansk geografi og historie med særleg fokus på Aust-Afrika. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
· har kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
· har kunnskap om kart og kartbruk i skulen næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
· har kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
· kjenner til afrikansk historie, geografi og samfunnsliv
· kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp
· har kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
· har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
· har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
· har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
DUGLEIKAR
Studenten
· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
· kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
· kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
· kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
· kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
· kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
· kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
· kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
· har innsikt i skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon og læraren som aktør i desse samanhengane
· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
· har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
Fagleg oppbygging
Studentane skal få ei grunnleggjande innføring i utvalde tema i skulefaga/vitskapsfaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Kunnskap og forståing skal kome fram i ei kopling mellom ulike teoriar og konkrete døme frå Noreg og verdssamfunnet. Studiet skal særleg førebu studentane på arbeid i skuleverket (grunnskulen), m.a. ved at fagdidaktikk vil vere eit gjennomgåande perspektiv.
Følgjande emne inngår i studiet:
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| SRS103N |
Skuleretta samfunnsfag: Urbanisering og globalisering, kontinuitet og vendepunkt (nettbasert m/avgift) |
15,00 | O | 15 | |
| SRS104N |
Skuleretta samfunnsfag: Aust-Afrika (nettbasert m/avgift) |
15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid og rettleiing. IKT inngår som ein viktig del av studiet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap. E-læringsverktøy (Fronter) vert brukt aktivt m.a. til innlevering og rettleiing av skriftlege oppgåver, drøftingar, forum for studiehjelp, m.a. med rettleiing og arbeidsoppgåver for kvart delemne. Det er ein føresetnad at studentane brukar desse verktøya kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane det vert lagt opp til.
Praksis
Dei som tek dette studiet som del av det tredje året i si fireårige allmennlærarutdanning, skal ha undervisingspraksis i samsvar med gjeldande modell (6 veker for eit heilt studieår). Dei studentane som ikkje skal ha praksis, skal gjere anna arbeid med tilsvarande omfang.Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet
Studiet er delfinansiert med studieavgift, kr. 6000 (kr. 3000 pr. emne) + semesteravgift.
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Odd Ragnar Hunnes tlf 70 07 52 96 orh@hivolda.noStudieprogramkode
SRS2N-AVGAvdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

