Studieprogramnamn
Skuleretta Samfunnsfag 2 L (lokal gjennomføring)Engelsk studieprogramnamn
-Studietype
HalvårsstudiumStudiepoeng (ETCS)
30 stpStudielengd
2Opptakskrav
Generell studiekompetanse.Innleiing
Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn: Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som demokrati, politisk makt og politiske prosessar, norsk etterkrigstid, afrikansk geografi og historie med særleg fokus på Aust-Afrika. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget.
Læringsutbytte
KUNNSKAP
Studenten
· har kunnskap om hendingar og forhold i samtida i lys av maktforhold og menneskelege handlingar og val i fjern og nær fortid
· har kunnskap om kart og kartbruk i skulen næringsliv og lokalisering av næringsverksemd
· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den andre verdskrigen til i dag
· har kunnskap om utviklinga i den globale verdsøkonomien og politiske, kulturelle, miljømessige og sosiale konsekvensar av denne utviklinga
· kjenner til afrikansk historie, geografi og samfunnsliv
· kan leggje til rette for opplæring om samfunnsforhold i eit fleirkulturelt og globalt perspektiv, med vekt på menneskerettar og demokratiske prinsipp
· har kunnskap om pedagogisk entreprenørskap
· har kunnskap om relevant forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
· har kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i faget
· har kunnskap om sentrale fagdidaktiske metodar og teoriar
DUGLEIKAR
Studenten
· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap ut frå resultat frå forskings- og utviklingsarbeid
· kan arbeide sjølvstendig med faglege og fagdidaktiske spørsmål og analysere faglege og fagdidaktiske problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn
· kan kritisk analysere samfunnsfaglege problemstillingar og stimulere til dette i opplæringa
· kan reflektere over og vise innsikt i historiske, geografiske og samfunnskunnskaplege prosessar
· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag
· kan gjere elevane medvitne om val av læringsstrategiar
· kan ta i bruk og rettleie elevar i sentrale samfunnsfaglege metodar
GENERELL KOMPETANSE
Studenten
· kan oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
· kan arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling i samfunnsfaget
· har innsikt i skulen som organisasjon og samfunnsinstitusjon og læraren som aktør i desse samanhengane
· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane
· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn
· har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget
Fagleg oppbygging
Studiet er organisert kring arbeid med dei tre skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Studieplanen byggjer på Rammeplan for allmennlærarutdanning frå 2003.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| SRS103 |
Skuleretta samfunnsfag: Urbanisering og globalisering, kontinuitet og vendepunkt (lokal gjennomføring) |
15,00 | O | 15 | |
| SRS104 |
Skuleretta samfunnsfag: Aust-Afrika (lokal gjennomføring med tilbod om studietur) |
15,00 | O | 15 | |
| Sum: | 15 | 15 | |||
Til emnet Aust-Afrika høyrer ein studietur på om lag ein månad i Kenya. For dei studentane som ikkje ønskjer eller ikkje har høve til å vere med på studieturen, er det eit alternativt opplegg i Noreg.
Praksis
Dei som tek dette studiet som del av det tredje året i si fireårige allmennlærarutdanning, skal ha undervisingspraksis i samsvar med gjeldande modell (6 veker for eit heilt studieår). Dei studentane som ikkje skal ha praksis, skal gjere anna arbeid med tilsvarande omfang.Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
Studieprogramansvarleg
Odd Ragnar Hunnes tlf. 70 07 52 96 orh@hivolda.noStudieprogramkode
SRS2Avdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

