Finn eit
studium
Pil til søkefelt

 

 

Studiehandbok 2011/2012

Studieprogramnamn

Skuleretta samfunnsfag 1 L (lokal gjennomføring)

Engelsk studieprogramnamn

-

Studietype

Halvårsstudium

Studiepoeng (ETCS)

30 stp

Studielengd

2

Opptakskrav

Generell studiekompetanse.

Innleiing

Dette studiet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn: Fokus vert sett på ulike tidsepokar og ulike deler av verda. Dessutan står samspelet / konflikten mellom natur og samfunn sentralt. Studiet tek opp høgaktuelle tema som menneskeverd, toleranse, bærekraftig utvikling, levekår og Palestinakonflikten. Det er profesjonsretta med tanke på arbeid som lærar i skule og andre formidlingssituasjonar. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å utvikle seg til ein dyktig lærar som hjelper elevane til å vere samfunnsbevisste, interesserte og glade i faget

Læringsutbytte

KUNNSKAP

Studenten

· har kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk

· har kunnskap om naturgrunnlaget, klima, miljø, ressursar, levekår, folkesetnad og miljø nasjonalt og internasjonalt

· har kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til den andre verdskrigen, og til ungdoms historieforståing og historiebruk

· har kunnskap om ulike samfunn, kulturar og deira historiske vilkår

· har kunnskap om arbeidsliv og verdiskaping

· har kunnskap om sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra

· har kunnskap om nasjonal og internasjonal politikk, rettsvesen og økonomi

· har kunnskap om dei rettane barn og ungdom har, demokrati, politisk og økonomisk deltaking

· har kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar

· har kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse

DUGLEIKAR

Studenten

· kan arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget

· kan bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og dugleikar i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising

· kan planleggje, leie og vurdere læringsarbeidet til elevane på ein måte som tek omsyn til mangfaldet i elevgruppa, ulike behov og kulturell og språkleg bakgrunn

· kan leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget

· kan fremje elevane si evne til nyskaping og kreativitet i arbeidet med samfunnsfaglege spørsmål

· kan bidra til å utvikle den munnlege dugleiken til elevane

· kan vurdere måloppnåinga til elevane med og utan karakter, og grunngje vurderingane

· kan bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande dugleikane til elevane

· kan bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i opplæringa og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy

· kan bruke og vurdere relevansen av faglege hjelpemiddel og uttrykksformer i samfunnsfag

· kan kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i opplæringa

GENERELL KOMPETANSE

Studenten

· kan leggje til rette for samarbeid og konfliktløysing i arbeid med elevane

· kan reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking

· kan forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv

· kan reflektere over eigen praksis og oppdatere seg fagleg

· kan kommunisere og samarbeide med barn og føresette med ulik sosial og kulturell bakgrunn

· har innsikt i korleis barn og ungdom forstår faget

Fagleg oppbygging

Studiet er organisert kring arbeid med dei tre skulefaga geografi, historie og samfunnskunnskap. Studieplanen byggjer på Rammeplan for allmennlærarutdanning frå 2003.

Skuleretta samfunnsfag 1 er eit fagstudium og er undervisningsretta. Det kan inngå som valfri del av grunnskulelærarutdanninga eller i ein fagkrins med praktisk-pedagogisk utdanning (PPU). Studiet kan også inngå som emne i bachelorgradar.

Emnekode Emnets navn S.poeng O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V)
SRS101 Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn
i Noreg (lokal gjennomføring)
15,00 O 15  
SRS102 Skuleretta samfunnsfag: Konfliktar i
samfunnet (lokal gjennomføring)
15,00 O   15
Sum: 15 15
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

Praksis

Dei som tek dette studiet som del av det tredje året i si fireårige allmennlærarutdanning, skal ha undervisingspraksis i samsvar med gjeldande modell (6 veker for eit heilt studieår). Dei studentane som ikkje skal ha praksis, skal gjere anna arbeid med tilsvarande omfang.

Evaluering og kvalitetssikring

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem

Studieprogramansvarleg

Odd Ragnar Hunnes tlf 70 07 52 96 orh@hivolda.no

Studieprogramkode

SRS1

Avdeling

ASH


Emnetabellar




<< Attende

Utskriftsvennleg versjon