Studieprogramnamn
SamfunnsvitskapEngelsk studieprogramnamn
Social SciencesStudietype
ÅrsstudiumStudiepoeng (ETCS)
60 stpStudielengd
2 semesterOpptakskrav
Generell studiekompetanse.Innleiing
Studiet gir innføring i sentrale samfunnsvitskaplege emne, med viktige teoretiske innslag frå fagområde som samfunnsgeografi, sosiologi, statsvitskap, organisasjonsteori, økonomi og jus. Søkelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst..
Studiet tilsvarar første året i Bachelor i planlegging og administrasjon
Læringsutbytte
Det er eit mål at studenten skal ha kunnskap om og forståing av:
- økonomiske, sosiale og miljømessige utviklingstrekk og dei politiske utfordringar desse gir for å fremje heilskapleg berekraftig utvikling
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking
Det er eit mål at studenten skal kunne:
- analysere og forstå enkle utviklingstrekk i samfunnet og styringsverket når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og gjere bruk av desse på ein kritisk måte
Det er eit mål at studenten generelt skal:
- kunne arbeide sjølvstendig med nærare definerte problemstillingar
- kunne vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
Fullført studium vil gi kandidatane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga.
Fagleg oppbygging
Studieprogrammet gir 60 studiepoeng og går over to semester, og inneheld to tverrfaglege emne, IPA 111 Samfunnskunnskap og IPA 112 Forvaltningskunnskap , kvar på 30 studiepoeng.
Begge emna går parallelt gjennom haust- og vårsemesteret. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske, statsvitskaplege og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap rettar søkelyset mot viktige lokale og regionale planleggings- og forvaltningsoppgåver.
Lokalsamfunnsanalyse inngår som eit større tverrfagleg prosjektarbeid, og er definert som obligatorisk arbeidskrav i begge dei to aktuelle emna. Med utgangspunkt i aktuelt teoristoff og samfunnsvitskapleg metode vil studentane her få ving i å førebu, gjennomføre og presentere eit analysearbeid som byggjer på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn. Hovuddelen av arbeidet med Lokalsamfunnsanalysen er lagt til siste del av vårsemesteret.
| Emnekode | Emnets navn | S.poeng | O/V *) | Studiepoeng pr. semester | |
|---|---|---|---|---|---|
| S1(H) | S2(V) | ||||
| IPA111 | Samfunnskunnskap | 30,00 | O | 15 | 15 |
| IPA112 | Forvaltningskunnskap | 30,00 | O | 15 | 15 |
| Sum: | 30 | 30 | |||
Evaluering og kvalitetssikring
Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Studieprogramansvarleg
Magnar Hjertenæs, mh@hivolda.no, tlf.: 70075103Studieprogramkode
SAMÅVAvdeling
ASH<< Attende
Utskriftsvennleg versjon

